Hopp til innhold
Kronikk

Den gode norske uhøfligheten

Eg vil ikkje alltid prate med framande på bussen. Det er på tide at ein nordmann støtter sin eigen høflighetskultur.

Vindushopping

Eg likar å vere for meg sjølv når eg går inn i ein butikk, og vil ikkje svare på alle slags tiltalar frå dei tilsette, skriv Maria Boer Johannessen. ILLUSTRASJONSFOTO

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Dei siste vekene har eg lese innlegga til Emily Mason og Kristian Arntzen, der den norske høflegheita (eller mangelen på den) blir kritisert, og nordmenn blir bekrefta som kalde og uvenlege. Og sjølv om Kai Hanno Schwind forsvarar norsk oppførsel, føler eg det er på tide at ein nordmann støttar sin eigen kultur.

At nordmenn er kalde, uvenlege og uhøflege har vel nesten blitt etablert som fakta, eller i det minste som ein realistisk stereotype. Vi seier ikkje hei til dei vi sit ved sidan av på bussen, og vi legg i alle fall ikkje ut om korleis vi har det til dei som jobbar på butikken (ikkje at dei spør oss heller). Eg kom nettopp heim frå eit tre månader langt utvekslingsopphald i Nederland. Eg likte godt å bu der, og vart fort vand med å seie «god dag» på butikken eller til naboen i oppgangen. Eg synest det er fint å vinke takk-og-ha det til bussjåføren når eg går av bussen, og det er jo ikkje ukoseleg når ho som jobbar i bruktbutikken spør om du vil ha ein kopp te medan du ser deg rundt.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter

Herleg å vere tilbake i Noreg

Når eg har reist rundt i verda har eg mange gonger prøvd å forklare utlendingar korleis vi nordmenn er: vi har mange dialektar, vi trur ikkje på dårleg vêr, vi er alle på fornamn med statsministeren, vi er generelt glade i fisk, og vi bur i eit dyrt land.

Vi seier ikkje hei til dei vi sit ved sidan av på bussen, og vi legg i alle fall ikkje ut om korleis vi har det til dei som jobbar på butikken (ikkje at dei spør oss heller).

Maria Boer Johannessen

Men, vi bur også i eit rikt land. Så om nordmenn ikkje tipsar, er det fordi servitøren allereie har ei ganske god lønn. Og sidan servitøren har så god lønn, er han eller ho ikkje avhengige av å vere superhyggelige mot kundane sine for å få betalt. Jaudå, eg blir litt irritert når folk i kassa ikkje kan helse når eg skal betale, eller i alle fall prøve å vise at dei verdset meg som kunde.

Men ein del av meg synest også at det er kjempedeilig å vere tilbake i eit land med sånne som meg. For eg vil ikkje alltid prate med framande på bussen. Eg likar å vere for meg sjølv når eg går inn i ein butikk, og vil ikkje svare på alle slags tiltalar frå dei tilsette. Når eg går i mine eigne tankar ute på gata likar eg ikkje å bli avbrote, og eg har heller ikkje så mykje imot «den norske armen», sidan eg er ganske erfaren i å bruke den sjølv.

LES OGSÅ: Britene kaller det for «the norwegian arm»

Den vesle relativisten

Det er sjølvsagt spanande å diskutere stereotypiar og særtrekk ved ulike grupper, og om sagt er det ganske godt etablert at nordmenn kan vere litt vanskelege å komme innpå. Men når det blir implisert at dette er feil og at vi må endre dette for å bli likare andre grupper, rykkjer den norske armen min i retning motsvarknappen. Eg føler det må seiast: kva om det ikkje er vi som er uhøflege, men at det er andre som er for høflege? Riktig nok er Noreg berre eit lite land på utkanten av Europa, bittelite samanlikna med ein kjempe som til dømes USA. Sistnemnde eksporterer sin kultur i form av Hollywood, medan vi må halde oss til tiårlege bidrag til Best foreign film. Men berre fordi dei er større og fleire, er dei vel ikkje betre?

At nordmenn skal endre sin kollektive oppførsel og sine haldningar for å tilpasse seg andre besøkjande kulturar sine normer, blir å dra kulturtilpassinga litt langt.

Maria Boer Johannessen

Den vesle relativisten i meg vaknar, og eg lurer på om det i det heile er ein som har rett, eller om begge er like bra.

Og med det er vi også inne på den evige debatten om tilpassing i andre sine kulturar, og kor vidt ein kan eller bør oppføre seg på same måte over alt i verda. Kan gjestar vente at vertane skal tilpasse seg dei, eller skal dei tilpasse seg vertane? At nordmenn skal endre sin kollektive oppførsel og sine haldningar for å tilpasse seg andre besøkjande kulturar sine normer, blir å dra kulturtilpassinga litt langt.

Vi er eigentleg veldig hyggelege

Når det er sagt, kan det kan umogleg vere slik at alle som besøker Noreg opplev alle nordmenn som kalde og uvenlege. Turistnæringa i Noreg, som i alle andre land, er interrestert i å trekkje til seg og halde på kundane sine. Det vil ikkje sei at ein gjer som om dei var heime, men at ein gjer overgangen til eit nytt land så god som mogleg. Dei møter folk på halvvegen, men ofrar ikkje kulturen sin heilt. Dei er kanskje klar over at ein morosam del av utanlandsreiser er å oppleve litt local colour.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Eg vil ikkje alltid prate med framande på bussen. Eg likar å vere for meg sjølv når eg går inn i ein butikk, og vil ikkje svare på alle slags tiltalar frå dei tilsette.

Maria Boer Johannessen

Dei fleste utlendingar eg har snakka med, anten turistar eller tilflyttarar, seier at nordmenn eigentleg er veldig hyggelege. Ein besøkjande frå Canada (som ber på stereotypen at han er veldig venleg) fekk mange hyggelege og hjelpsame tips og tilbod då han tok toget i Noreg. Ein må berre komme fordi samtalane om vêret og den farlege flåtten (sjekk ei tabloidframside for tips til tema), og så er vi like hyggelege som både amerikanarar og nederlendarar. Vi treng ikkje å endre eit levemønster som, i mi meining, og ut ifrå vår evne til å leve saman i relativ harmoni, fungerer ganske bra.

Og når alternativet er ei ugenuin og kunstig utveksling av «hei»-ar og spørsmål om å sende over saltet, kan vi like gjerne halde fram som vi gjer no. Så takk for tilbodet, men nei takk. Ein kan ikkje gi ein makeover til nokon som ikkje ønskjer det.

Avslutningsvis kan eg forresten nemne at nederlendarar har endå verre køkultur enn vi har i Noreg. Ein skulle ikkje tru det var mogleg, men det er ikkje for seint å hjelpe dei – sjølv om vi ikkje vil lære å bli meir høflege, vil dei kanskje lære å stå i kø.