Hopp til innhold
Replikk

Bitcoin: Eit håp for framtida

Bitcoin er det siste håpet vårt for eit økonomisk system som ikkje er 100 prosent overvaka.

Bitcoin illustrasjonsbilde

Bitcoin brukar mykje energi. Men det betyr ikkje automatisk stort fotavtrykk klimamessig. Dessutan har bitcoin store fortrinn på andre område, skriv kronikkforfatteren.

Foto: Shutterstock

Vi må snakka om Bitcoin og energibruk, skriv seniorforskar Pierre Lison på NRK Ytring. Ja, vi må snakka om Bitcoin, men det må vera ein kunnskapsbasert diskusjon.

Det bør vera elementært for ein forskar å skilja mellom det objektive og det normative, mellom er og bør. Før vi kan ta diskusjonen om korleis vi best brukar energien, må vi få fakta på bordet.

Energisluk

Bitcoin brukar mykje energi, det er det ikkje tvil om. Det er ikkje for å vinna ut nye bitcoin, men for å sikra blokkjeda. Det gjer Bitcoin til verdas sikraste, opne IT-system.

Store mengder energi betyr ikkje automatisk stort fotavtrykk klimamessig. Det er avhengig av energitypen som blir brukt. I Bitcoin-sikringa (mining) er det ekstremt stor konkurranse og aktørane er avhengige av å finna den billegaste energien.

Det kan argumenterast for at Bitcoin er ein pådrivar for meir fornybar energi.

Bitcoin-sikring kan på den måten seiast å vera «buyer of last resort», altså kjøparen av den siste, ubrukte energien. Bitcoin gjer mellom anna bruk av stranda energi både i Kina (Sichuan- og Yunnan-provinsane) og i USA (gass frå oljefelt).

På den måten kan det argumenterast for at Bitcoin er ein pådrivar for meir fornybar energi

Pierre Lison er IT-forskar, men har ikkje forska på Bitcoin og blokkjedeteknologi. Då ville han visst at energibruk pr. transaksjon er ein veldig dårleg målestokk.

Vestlege brilleglas

Bitcoin er eit oppgjerssystem og det blir feil å samanlikna transaksjonane med ordinære bank- eller Visa-transaksjonar. vi må heller samanlikna dei med Noregs Banks oppgjerssystem, der bankane overfører seg i mellom og ein transaksjon kan romma tusenvis av transaksjonar.

Dagens finanssystem fungerer som eit perfekt middel for overvaking.

Pierre Lison er inne på at Bitcoin kan vera eit hjelpemiddel mot autoritære regime. Men med tjukke, vestlege brilleglas avfeiar han dette og peikar på at Bitcoin ikkje er i samsvar med demokratisk styring. Det same kan jo seiast om Internett – vil Pierre Lison avfeia det også som udemokratisk?

Meir enn halvparten av verdas folk lever i autoritære regime, eit tal som veks og ikkje minkar. Dagens finanssystem er rigga slik at det fungerer som eit perfekt middel for overvaking. Spør studentane i Hongkong, eller folk elles i Kina, kva det vil seia å leva under eit slikt system.

Siste håp mot total overvaking

Til slutt nokre refleksjonar om det normative, korleis vi best kan styra bruken av energi. Pierre Lison, og mange med han, startar i feil ende ved å plukka ut ei digital teneste som syndebukk.

Bitcoin er det siste håpet vårt for eit framtidig økonomisk system som ikkje er 100 prosen overvaka.

Motspørsmålet blir då: bør Facebook få subsidiert energi i Noreg? Kva med Google (f.eks. YouTube-videoar) eller Netflix? Kva med ei lovleg porno-teneste? Det bør vera opplagt at ein slik framgangsmåte ikkje vil fungera.

I staden må fossil energi påleggjast større avgifter globalt slik at overgangen til fornybar energi går endå raskare enn i dag.

Store mengder energi betyr ikkje automatisk stort fotavtrykk klimamessig.

Bitcoin er det siste håpet vårt for eit framtidig økonomisk system som ikkje er 100 prosent overvaka.

Den dagen fysiske kontantar forsvinn, er vi fritt vilt for overvaking, enten frå staten eller frå store konsern, eller begge.