NRK Meny
Kronikk

Kampen om fridomen

Politikarane slåst ikkje lenger for fridomen vår – dei slåst om den. Dei kunne med fordel brydd seg meir om dei store spørsmåla, og mindre om dei små og private.

barnevogn pappatid

Den såkalla «pappa-appen» blei lansert av den raudgrøne regjeringa 9. juli i fjor. Heller ikkje høgresida har på nokon måte aversjonar mot detaljstyring og kontroll, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

«Pappatid» heiter den, appen for fedrar som er i pappaperm. Dei kan bruka den til å finna kvarandre, legga ut aktivtetsforslag, finna aktivitetar, og lesa nyttig, offentleg godkjent informasjon om barn og slikt. Den er ein flopp.

Appen har nokre få tusen nedlastingar og har nesten eit år etter lansering ei jumbo-rating på rundt to av fem stjerner frå brukarane. Den nyttige informasjonen er framleis berre delvis formatert for lesing på mobil. Elles er den heilt tom for innhald. Sjølv om du set plasseringa di til tjukkaste Bergen eller Oslo sentrum får du ikkje opp eit einaste aktivitetstilbod. Appen kosta ein million å laga.

Paternalismen

Det som skuffar mest er ikkje at ein million skattekroner har gått med til noko fullstendig ubrukeleg. Det skjer kvar dag. Det som skuffar er at det har sete presumptivt velutdanna, velmeinande folk i godt betalte jobbar i statsapparatet i Oslo og dikta opp denne appen. Ikkje minst gjekk dåverande likestillingsminister Inga Marte Thorkildsen personleg ut og reklamerte for appen ved lanseringa. I neste omgang måtte ho bruka tid og krefter på å forsvara pengebruken då det heile floppa.

Er det dette som skjer når sosialistane får makt og pengar mellom hendene?

Ingebjørn Bleidvin

«Pappatid» var ei ulykksalig stadfesting av den halvsanne historia høgresida hadde klart å gjera til ubestrideleg sanning: den om at dei raudgrøne mangla eit prosjekt, ein visjon, eit mål for sitt virke. Dei sat berre og administrerte. Når dei ikkje ein gong klarte å sjøsetja noko som sjølv ein 25 år gammal førstegongspappa med Facebook-side kunne ha kokt i hop på ein kveld, var det like greitt å legga inn årene.

Er det dette som skjer når sosialistane får makt og pengar mellom hendene? Er dette SV-paternalismen i full blom, ein form for velmeinande overanstrengelse som berre betrevitarane på venstresida er i stand til å rota seg inn i? Ikkje heilt.

Overtramp eller redningsaksjon

Den vanskelege grensa mellom styring og overstyring, mellom tilbod om hjelp og utidig innblanding, finn ein på langt meir alvorlege område enn Segway og tullete telefonprogram.

For mannen som må sitja ute og venta i bilen medan kona skal inn og bli spurt om ho blir slått, er det eit svært konkret statleg inngrep i privatlivet.

Ingebjørn Bleidvin

Nyleg kom forslaget om å gjera det obligatorisk at alle gravide kjem aleine til svangerskapskontroll minst éin gong, for å bli spurt om dei er utsette for vald i samlivet. Dette er opphavleg eit raudgrønt forslag, vidareført av helseminister Bent Høie. Det kan godt vera mange vil få hjelp av tiltaket. Men for mannen som må sitja ute og venta i bilen medan kona skal inn og bli spurt om ho blir slått, er det eit svært konkret statleg inngrep i privatlivet.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Trampar inn

Høgresida har altså på ingen måte aversjonar mot detaljstyring og kontroll. Enten det er i posisjon eller opposisjon syng dei på sitt evige refreng om marknadsutsetjing og konkurranseutsetjing. Dette fører uvergeleg til standardisert testing, nitid rapportering og aukande overdosar av New Public Management innan affiserte sektorar. For oss som les om Oslo-skulen frå utsida verkar testregimet der godt i overkant av kva som er fornuftig i barneskulen.

Høgresida har på ingen måte aversjonar mot detaljstyring og kontroll.

Ingebjørn Bleidvin

Frp på si side er som vanleg i ein litt eigen kategori. Lokallaget i Oslo har foreslått at ein skal nekta barnehagebarn med for dårlege norskkunnskapar å sjå barne-tv frå heimlandet.

Av ulike årsaker, via ulike omvegar, har dei fleste parti ein tendens til å trampa inn i privatliva våre eller rota seg borti lovgjeving av rare detaljar. Dette til trass for at den delen av folket som meiner at «det offentlege blandar seg for mykje i folks privatliv» ligg stabilt på rundt 45 prosent.

Høgres vedtak tidlegare denne månaden om å ta frå rektorane moglegheita til å nekte born å sykle til skulen, er eit svar på det. Men det vert litt smått.

Til og frå

Historikaren Francis Sejersted skreiv allereie for sju år sidan at den ideologiske strid i vår tid høgst truleg vil bli ein kamp om å erobra fridomsomgrepet. Kampen er definitivt i gang. Det handlar om det gamle og heilt sentrale spørsmålet om forskjellen på «fridom frå» og «fridom til».

Å gje folk «meir fridom» er noko som egnar seg for valkampar og plakatar. Det er likevel sjeldan politikarar tyr til dette som løysing på eit konkret problem. Det er eit naturleg politisk instinkt å villa gjera noko, eit eller anna, når ein blir konfrontert (oftast av journalistar) med eit problem. Det er bra og kan føra til handlekraft og endring av samfunnet i ein betre retning. Eller det kan føra til innblanding, overstyring og dalande popularitet. Det meste handlar om korleis ein klarar å selga inn tiltaket sitt.

Det er ikkje slik at det er ei gitt mengd fridom i verda.

Ingebjørn Bleidvin

Den tidlegare Ap-rådgjevaren Aksel Braanen Sterri skriv i si nyleg utgitte bok «Tilbake til politikken» at Arbeidarpartiet treng ei fridomsvending. Delar av hans medisin er fleire privatskular, mindre formynderi i helsepolitikken og generelt meir tillit til folk. Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn frå Venstre har også gitt ut bok nyleg, med tittelen «Liberalisme på norsk». Bodskapen er eit godt stykke på veg forbløffande likt. Sjølv om bøkene er forskjellige og forfattarane står eit stykke frå kvarandre politisk, sirklar dei rundt det same bytet: Folket si førestilling om fridom.

Di scooterkøyring er mi lydforureining. Di fleksible arbeidsmiljølov er min mangel på familieliv. Det er ikkje slik at det er ei gitt mengd fridom i verda. Men det er vanskeleg å utvida fridom ein stad utan samtidig å innskrenka den ein annan stad. Ein stad å byrja kan vera å bry seg meir om dei store, offentlege spørsmåla, og mindre om dei små, private.