Hopp til innhold
Kronikk

«Bruk og kast»-kompetanse

I fjor brukte Helsedirektoratet kvar fjerde budsjettkrone på kjøp av konsulenttenester. Det er farleg for samfunnet når me byrjar å tenka på høgkompetent arbeidskraft på same måte som me tenker om eingongsbestikk.

Sykehuskorridor

Kvifor skal ikkje ein hardt pressa avdelingssjukepleiar la folk gå i 28,6 prosent vikariat og slenga ut nokre ekstravakter der det trengst, når Hdir på same måte kjøper seg ut av sine problem, spør turnuslege Ingebjørn Bleie. ILLUSTRASJONSFOTO

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Bruken av eksterne konsulentar i offentleg sektor er omfattande og aukande. Sist i søkeljoset var Helsedirektoratet (Hdir). Klassekampen kunne førre veke melda at dei i fjor brukte kvar fjerde budsjettkrone, 258 millionar, på kjøp av konsulenttenester. Andre døme er politiet sine 650 millionar til eksterne IT-folk sidan 2008, og ein god milliard frå Oslo Universitetssjukehus (OUS) til konsulentar dei siste åtte åra.

Tidvis riktig

Det er både riktig og viktig å be om hjelp når det er noko du ikkje klarar sjølv. Ingen er tent med eit byråkrati som trur dei er flinke til alt, og som dikterar løysingar i aust og vest. Når Hdir skal overbevisa folk om å slutta å røyka, vil eg ikkje at dei skal overlata haldningskampanjen til ein sosialt klønete byråkrat med mellomfag i organisasjonsvitskap. Til slikt vil eg at dei hyrer inn dei verste blodiglene reklamebransjen kan oppdriva, ein av desse samvitslause karane som får oss til å kjøpa stadig nye TV-apparat og joggetights utan at me treng det.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Kvifor er det slik at halvparten av offentleg forvaltning til eikvar tid blir så massivt omkalfatra at dei treng ekstern hjelp til å takla det?

Ingebjørn Bleie, turnuslege

Det er difor rimeleg å gje amnesti for mykje av den største posten på konsulentbudsjetta: IT. Utvikling og drift av IT-system er den suverent vanlegaste årsaka til konsulentbruk. Alle som har vore med på innføring av eit nytt IT-system i ei stor bedrift, noko underteikna uheldigvis har, veit at slike datasystem er kostnadsmonster som et overtidsbudsjettet til frukost. Det vil i dei fleste tilfelle vera meiningslaust å utvikla dei hundre prosent på eiga hand. Dei mistrøstige resultata me stadig ser innan offentlege it-satsingar skuldast i hovudsak dårleg bestillarkompetanse, rask utvikling og uklare behov.

Leigesoldaten

Sjølv om forfeila offentlege IT-satsingar etter kvart har blitt ein eigen sjanger, er det likevel ikkje innleigde datanerdar som set sinna i kok når ein debatterer bruk av konsulentar, det er mannen i dress. Den restrukturerande leigesoldaten. Han som kjempar seg gjennom kontorlandskapet med organisasjonsmatriser som artilleri og marginalkostnadsberekningar som skjold, og etterlet seg ei slagmark av outsourca sekretærar og sluttpakka nestenpensjonistar.

Han er slett ingen sjeldsynt fugl. I ei undersøking frå Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) i 2009 hadde over halvparten av dei spurde etatane leig inn konsulentar til «Organisasjonsutvikling/omstilling» berre på det siste året. Kvifor er det slik at halvparten av offentleg forvaltning til kvar tid blir så massivt omkalfatra at dei treng ekstern hjelp til å takla det?

Når Helsedirektoratet skal overbevisa folk om å slutta å røyka, vil eg ikkje at dei skal overlata haldningskampanjen til ein sosialt klønete byråkrat med mellomfag i organisasjonsvitskap.

Ingebjørn Bleie, turnuslege

Ein tredjedel av etatane hadde leigd inn hjelp til evaluering og kvalitetssikring. Rundt 40 statlege tilsynsorgan med fleire tusen tilsette, frå Riksrevisjonen til no nedlagde Statens tilsynsmann for folkehøgskolane, er tydelegvis ikkje nok til å halda styr på ting.

Det vesle som finst av forsking på området, frå Difi, Fafo og Riksrevisjonen, viser at situasjonen har vore slik iallfall i ti år. Ein manglar kompetanse og kapasitet, og leiger inn folk for å fylla hola. Dette kunne jo vore bra, om talet på tilsette i sentralbyråkratiet minka eller i det minste stod stille. Slik er det ikkje. Av stort og smått innan det offentlege er det berre Mattilsynet og Skatteetaten som har ein ørliten nedgang i talet på tilsette dei seinare åra. Nesten alt anna aukar.

Dei beste konsulentane

Når det fyrst er så mykje konsulentbruk, er det skuffande sjeldan dei beste konsulentane vert brukt: dei som vert råka av endringane. «Løsninger har vi ofte selv, og i veldig mange tilfeller må vi lære opp konsulentene først. Så kommer de med svarene vi allerede kjenner til. Det føles meningsløst». Dette sa klinikktillitsvald for overlegane ved OUS, Christian Grimsgaard, til TV 2.

Viktigare enn pengar som går tapt og dataprogram som krasjar, er kva den utstrakte konsulentbruken gjer med vårt forhold til menneska me jobbar med.

Ingebjørn Bleie, turnuslege

I tillegg til å vera meiningslaust, er det også dyrt. Startløna for ein siviløkonom i konsulentbransjen er 520 000, over seksti tusen meir enn startløna til ein lege. McKinsey-topp Tore Myrholt tente 67 millionar i 2010. Det er over 50 gonger meir enn statsministeren.

No kan det vera at dei mange sjukehusdirektørane med millionløn trivst betre blant andre storkarar enn blant sjukepleiarar. Dei burde likevel sjekka referansane til folk før dei leigde dei inn. McKinsey anslo før fusjonen av OUS at ein kunne spara 900 millionar i året på å slå saman oslosjukehusa. Så langt er resultatet eit samla underskot på ca 2,3 milliardar sidan samanslåinga.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter

Signal

Viktigare enn pengar som går tapt og dataprogram som krasjar, er kva den utstrekte konsulentbruken gjer med vårt forhold til menneska me jobbar med. Helseføretaka er ein av verstingane på bruk av vikariat, deltid og uføreseielege vaktplanar. Over 90 % av legar i spesialisering er i midlertidige stillingar. Kvifor skal ikkje ein hardt pressa avdelingssjukepleiar la folk gå i 28,6 prosent vikariat og slenga ut nokre ekstravakter der det trengst, når Hdir på same måte kjøper seg ut av sine problem?

Det er praktisk å kunna leiga inn konsulentar, ja. Men menneske er ikkje praktiske å ha rundt seg. Dei er engasjerte. Og dei som skal vera på arbeidsstaden sin i overskodeleg framtid, engasjerer seg på ein annan måte enn ein mellombels konsulent. Dei er vanskelege. Dei vil ulike ting. Dei tåler ikkje synet av kvarandre, eller er så gode vener at litt for mange lønningspils utløyser eigenmeldingar dagen deretter. Dei står på når det trengst. Dei sluntrar unna når dei ikkje gidd. Framfor alt har dei meiningar, og dei bryr seg. Og brysomheit er vanskeleg å fakturera for.