- Å ha eit arbeid gjer livet verd å leve. Når ein berre sit i stova kjem den deprimerande kjensla av at du ikkje er verd noko, seier 26 år gamle Per Knut Bakke frå Hornindal.
Sidan 2006 har han arbeidd på Lidl-butikken på Nordfjordeid, først gjennom eit arbeidstreningsprogram, seinare fekk han fast arbeid.
-Fantastisk kjensle
Det var attføringsbedrifta Mona Vekst på Sandane som fekk Per Knut Bakke ut av sofaen og innatt i arbeidslivet. Konsulent Rune Hammersvik er stolt når han ser kor godt Per Knut har klart seg.
– Det er ei fantastisk kjensle. På dei tre åra eg har jobba her, har eg vore med på å få 12 personar ut i ordinært arbeid. Dette har vore menneske med psykiske problem, nokre har hatt rusproblem, andre har vore skuleleie, seier Hammersvik.
Han fortel at det er mange fleire dei kunne ha hjelpt i Eid. Folk står i kø på ventelister.
Kan ikkje love
Statssekretær Laila Gustavsen i arbeids- og inkluderingsdepartementet stadfestar at det er intens etterspurnad etter tilrettelagde arbeidsplassar.
– Mange har behov for hjelp, men vi kan ikkje love fleire plassar. Vi har alt rusta opp og auka midlane til arbeidsmarknadstiltak, seier Gustavsen.
Uroa overlege
Overlege Petter Bugge ved Nordfjord psykiatrisenter er uroa over mangelen på attføringsplassar.
– Sjølv med ein god arbeidsmarknad, er det altfor mange som fell utanfor og går arbeidslause.
-Kor viktig er det å vere i arbeid for menneske med psykiske problem og lidingar ?
-Vi kan ikkje undervurdere det. Å ha eit arbeid å gå til skapar sjølvkjensle, tryggleik og respekt, seier Bugge, noko Per Knut Bakke kan stadfeste:
- Jobben min på Lidl gir ei indre lukke, han gir sjølvstende. Det er viktig å ha noko å gå til.
Ordinært arbeidsliv
Det er rundt 450 attføringsplassar i Sogn og Fjordane etter at 50 nyleg er fjerna. Frode Henden i NAV i Sogn og Fjordane forsvarar reduksjonen.
Frode Henden, NAV.
Foto: NAV– Vi er godt nøgde med kapasiteten. Vi er klar over at mange av attføringsbedriftene meiner dei skulle ha hjelpt oss meir enn vi meiner dei skulle ha hjelpt oss. Vi er svært opptekne av å få folk tilbake til det ordinære arbeidslivet, seier Frode Henden.
For Per Knut Bakke vart eit tilrettelagt arbeidsliv den rette vegen tilbake til fast jobb
. – Det gjer noko med personen, livsverdet, rett og slett. Eg trur framtida ser lys ut, seier butikkmannen på Lidl på Nordfjordeid.