Hopp til innhold

Her seier dei ja eller nei til vindkraft

I dag går innbyggjarane i Solund til urnene for seie ja eller nei til utbygging av vindkraft i kommunen eller ikkje. Høgreordføraren er spent på resultatet.

Avstemming i vindkraft i Solund

SEIER MEININGA SI: I dag kan innbyggjarane i Solund seie ja eller nei til vindmøller.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Grendahuset på Hardbakke opna dørene klokka 12 og der var det folk frå første stund. Ordførar Ole Gunnar Krakhellen var også innom like etter lokalet opna.

– Då var det allereie ein del folk der, og det kom fleire etter kvart, seier han.

Krakhellen meiner engasjementet i saka er bra og 194 personar har førehandsrøysta.

– Det er om lag 28 prosent av dei røysteføre i kommunen, seier han.

Trur på arbeidsplassar og inntekt

Den vesle kommunen i havgapet kan få 88 vindturbinar fordelt på tre vindparkar. Dette er svært omdiskutert, for turfolk meiner vindturbinane vil øydeleggje for friluftsliv og turisme. Andre meiner vindparkane vil gje viktige inntekter for ein fattig kommune.

– Dei som er for, ser for seg større aktivitet i kommunen, fleire arbeidsplassar og meir inntekt, seier Krakhellen.

Krakhellen håper på stor oppslutnad om folkeavrøystinga. Han seier det tidlegare berre har vore ein folkeavstemming om vindkraft i Norge, i tillegg til ei spørjeundersøking i ein kommune.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vindpark på Sperrefjellet i Solund - Illustrasjon

SLIK KAN DET SJÅ UT: Det kan bli mange vindturbinar på Sperrefjellet.

Foto: Ask Rådgivning AS

Spent på resultatet

Det er i dag 867 personar som bur i Solund og driftsbudsjettet er på 59 millionar. Men dei 698 røysteføre går til urnene utan å vite kor stor økonomisk kompensasjon kommunen får dersom vindmøllene kjem på plass.

– Det vi veit, er at vi kan få 12–15 millionar kroner inn dersom vi innfører maksimal eigedomsskatt, seier han.

Kommunestyret skal ha høyringsuttalen sin til NVE klar til 2. februar. Folkerøystinga i dag skal vere rådgjevande for politikarane. Krakhellen trur den blir lagt vekt på.

– Ja, i alle fall dersom det blir veldig klart resultat eine eller andre vegen. Eg er veldig spent på resultatet.

Like før klokka 19.30 var resultatet klart. Eit knapt fleirtal av innbyggjarane stemte mot utbygging.

Kart over vindparkar i Solund

TRE VINDPARKAR: Kartet viser områda der det er planlagd vindparkar. Raudt område: 2–3 vindmøller – Blått område: 39 vindmøller – Grønt område: 46 vindmøller

Foto: Asplan Viak