Hopp til innhold

Ynskjer samfunnsstraff for overgrep

Aktor Jogeir Nogva meiner samfunnsstraff kan vere rett reaksjon mot tiltalte etter overgrep i Flora.

Florø idrettshall

Overgrepet fann stad på eit toalett i Flora idrettshall.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Tre ungdomar mellom 17 og 19 år er tiltalt for seksuell omgang med ei då 13 år gamle jenta i Flora idrettshall. Det er riksadvokaten som har kravd tiltale mot dei tre.

Samfunnsstraff

Det var i mai i fjor at dei tre gutane vart pågripne og sikta etter overgrepet som skjedde inne på eit toalett. Hendinga skaka både elevar og foreldre . Aktor Jogeir Nogva meiner samfunnsstraff kan vere rett reaksjon for dei to yngste som er tiltalt.

- Det blir kanskje til at ein ynskjer reaksjonar på vilkår, eller eventuelt samfunnsstraff. Poenget er å få tatt dette opp og få sett ein stoggar for dette og korrigere vegen vidare for desse ungdomane, seier han.

Seksuell omgang

Ifølgje tiltalen skal alle dei tre hatt seksuell omgang med den mindreårige jenta. Då saka vart kjend vart dei to gutane som gjekk på same skule som jenta, flytta til ein annan skule. No er alle dei involverte flytta frå Florø.

- Vi ser alvorleg på ei sak som dette gjort i eit ungdomsmiljø. Det representerer ei åtferdsnorm som vi ikkje ynskjer å ha nokon stad, seier han.

Ingen av forsvararane vil uttale seg i saka før dei har snakka med klientane sine.