Hopp til innhold

Tre tiltalte for overgrep

Riksadvokaten har kravd at det vert teke ut tiltale mot tre unge menn for seksuell omgang med ei 13 år gamal jente.

Florø
Foto: Ottar Starheim / NRK

Overgrepa skal ha skjedd på eit toalett i Florahallen i mai i fjor, skriv Bergens Tidende.

Ingen av dei tre vedgår overgrep mot jenta.

Då saka vart kjendt vart to av gutane, som då gjekk på same skule som jenta, flytta til ein annan skule.

No er alle dei involverte i saka flytta frå Florø.

Dei tre risikerer fengsel i minimum to år om dei vert dømde etter tiltalen i saka.