Ubåtgåte i eit halvt hundreår
I november 1972 såg lokalbefolkninga i Sogn noko som førte til storaksjon. Men kven sin ubåt som luska rundt i Noreg sin lengste fjord, det fekk ingen vita.
12. november 1972: Johanna Vangsnes bur i den vesle bygda Vangsnes ved Sognefjorden. Denne dagen ringer naboen til Johanna, Mons Langeteig og spør om han kan få snakka med mannen hennar. Han ville vita om det han såg var sant.
Denne dagen kjem mange i den vesle bygda til å hugsa. Dei var nemleg fleire som såg det same.
– Eg heiv vekk telefonen og skunda meg ut døra. Der såg eg det, periskopet som stod opp av fjorden.
Vangsnes hadde aldri før sett ein ubåt, men er heilt sikker på at det var det ho såg.
– Eg stod spikra fast og såg på røyret som bevega seg sakte gjennom vatnet.
I fleire minutt stod ho og såg på det som gjekk føre seg i fjorden.
I dagane etter observasjonane var det mykje aktivitet på fjorden.
Foto: Arkivfoto: NRKSirkuset
I 1972 var det kald krig og store spenningar mellom aust og vest. Det var mykje militær aktivitet, også rundt omkring i Noreg.
Pressa likte å skrive om desse tinga, så det gjekk ikkje lange tida frå dei fyrste observasjonane på Vangsnes til pressefolk i heile landet og resten av verda vakna.



Både båtar og fly vart teke i bruk under ubåtjakta i 1972
Det vart oppslag i både riksavisene og lokalaviser, frå Finnmark heilt ned til kystbyane i Telemark. Alle ville vita kva som var siste nytt i ubåtsaka i Sogn.
– Det vart eit sirkus utan like, seier Vangsnes.
NRK var blant dei som valfarta til Sognefjorden for å dekka det som skjedde. Her intervjuar reporter Ola Stenvaagnes vitnet Arne Riksvold.
Faren måtte huse verdspressa
Ein av dei som hugsar novemberdagane i 1972 ekstra godt er Monrad Handal. Heime hjå far hans vart det ordna til eit pressesenter.
– Der sat det folk frå heile verda, minnest Handal.
Sjølv brukte han desse haustdagane i 1972 som grensevakt i militærtenestene i Finnmark.
Då som no var dette NATO-alliansen si ytre grense mot Russland.
Monrad Handal hadde teneste i forsvaret då ubåten dukka opp i heimbygda Vangsnes.
Foto: PrivatTrass i at Handal var langt vekke frå Sogn, heldt han seg oppdatert gjennom jamlege telefonsamtalar med faren, Johan Handal.
Gjennom telefonsamtalane fekk Monrad inntrykk av at det var ein tøff periode for dei som sat heime. Faren kunne ikkje engelsk og hadde plutseleg ansvaret for eit heilt pressekorps frå alle verdas hjørne, mellom anna stormedia BBC og NBC.
– Saka var av interesse i alle Nato-land.
Tidsvitna
Etter at både forsvaret og internasjonale medium hadde reist frå Vangsnes prata Johan Handal og Mons Langeteig med NRK-reporter Per Øyvind Heradstveit om det dei hadde opplevd dei hektiske dagane.
Handal hadde til liks med Johanna Vangsnes fått ein telefon frå Langeteig.
– Eg måtte få stadfesta kva eg såg, sa Langeteig den gongen.



Det var full aktivitet i Sognefjorden under ubåtjakta
Dei to mennene var ikkje i tvil om kva dei såg, og fekk dette bekrefta av høgtståande folk i marinen i Stavanger. Johan Handal hadde sett eit periskop før, både på film og i verkelegheita.
Men i ei tid før internett og fargefjernsyn var det ikkje så mange som hadde sett ein ubåt på nært hald. Det kunne ein merka når Langeteig skulle beskriva det han hadde sett.
– Periskopet var sylinderforma og stod opp av sjøen
Heile intervjuet med Handal og Langeteig frå programmet «Kl. 19:00» kan du sjå her:
Journalisten
For Rune Timberlid var ubåtsaka i Sogn heilt spesiell. Han var heilt fersk journalist i avisa Sogn Dagblad.
– Den fyrste veka var det mest notisar i riksavisene, me lokalt skreiv ikkje så mykje.
Det vart sleppt søkkeminer og fyrt av rakettar for å tvinge ubåten opp.
Foto: NRKTimberlid seier at lokalmedia ikkje fekk auga opp for saka før det norske forsvaret la ut søkkeminer i Sognefjorden og fjordarmar av den.
– Det var fyrst då dei internasjonale også kopla seg på.
Sidan det var avgrensa overnattingskapasitet i området rundt Vangsnes og Vik i Sogn, rigga mange av dei internasjonale journalistane seg til eit pressesenter i Sogndal. Der var hotellkapasiteten større.
Redaktøren sende Timberlid til pressesenteret i Sogndal.
Rune Timberlid har jobba med ubåtsaka heilt sidan han starta som journalist i 1972.
Foto: Arne Stubhaug– Det var eit minne for livet, seier Timberlid om korleis det for ein ung journalistlærling var å oppleva folkemengdene som hadde møtt opp for å få med seg det som skjedde.
– Det var det mest dramatiske som hadde skjedd i Sogn sidan slaget ved Fimreite.
Mange av dei Timberlid snakka med var redde for at om det var ein framand ubåt i norske fjordar, så var det grunn til å tru at den hadde atomvåpen om bord. Dette var med på å skapa frykt hjå sogningane.
– Atomfrykta var reel.
VG 27. november 1972 – «Hvorfor slapp ubåten unna?»
Foto: NRKNotida
Timberlid dreg ein parallell til dagens geopolitiske situasjon med ny polarisering mellom aust og vest.
– På den tida var det Sovjetunionen som var den store stygge ulven
Også i dag I dag kan dei norske fjordane vere interessante for russarane, trur orlogskaptein og doktorgradsstipendiat ved Sjøkrigsskulen, Tor Ivar Strømmen. Men han trur ikkje det er ubåtar russarane nyttar seg av no til dags.
– Russland har svært få ubåtar tilgjengeleg
Han seier at fienden i aust har skaffa seg andre, mindre risikofylte måtar å samla inn informasjon på.
– Eg trur dei nyttar seg av luksusyachtar
Det er allereie vanleg med denne typen båtar både i Sognefjorden og andre fjordar på vestlandet. Folk kan gå i land og gå på turar.
– Det er perfekte plattformer for spionasje
Tor Ivar Strømmen trur ikkje ein ubåt er like sannsynleg i dag som for 50 år sidan
Foto: Valentina Baisotti / NRKStrømmen trur det mest spanande for ei framand makt å spionera på inne i Sognefjorden, er den tunge industrien i både Årdal og Høyanger. Om eit av metallverka vert sett ut av spel, så har det innverknad på verdsmarknaden.
Men éin ting er viktigare ifølge Strømmen: Kraftproduksjonen.
– I Indre Sogn vert det kvar einaste dag produsert store mengder straum. Det som er mest sårbart når det kjem til straumen, er linjenettet, seier Strømmen.
Straumnettet er viktig infrastruktur, og med det eit aktuelt mål for framande makter å ta ut, trur orlogskaptein Tor Ivar Strømmen.
Foto: Rune Fossum / NRKTekstmeldinga
Januar 2010: Utover hausten 2009 vart det på nytt skrive mykje om ubåt-episoden i 1972. I Januar 2010 fekk Johanna Vangsnes ein tekstmelding ho aldri kjem til å gløyma.
– Der fekk eg vita alt, seier Vangsnes.
Johanna Vangsnes, her frå 2010, då det endeleg kom litt meir informasjon om det som hadde skjedd i fjorden.
Foto: Bård Siem / NRKHo veit enno ikkje kven det var som sende den mystiske meldinga for nesten 13 år sidan. Ho fann ingenting på nettet når ho søkte opp nummeret.
Telefonen ho tok imot meldinga på, har ho for lengst byta ut, men innhaldet i meldinga har ho framleis. Det skreiv ho ned på ein lapp.
Lappen la ho inn i ein perm, der den skal ligga. Sjølv om meldinga verka spanande har ho ingen bevis på om innhaldet har rot i røynda.
– Kanskje nokon meinte eg fortente eit svar?
Mykje av debatten om saka hausten 2009 handla om kor vidt ubåtepisoden var dårleg handtert av forsvaret. Det førte til press på dåverande forsvarsminister Grete Faremo.
Då dokumenta frå 1972 omsider vart offentleggjort, var all viktig informasjon sladda.
Etter at Vangsnes hadde fått meldinga og dokumenta vart frisleppte var det ingen som høyrde noko meir.
50 år etter observasjonane ved Vangsnes står ein framleis utan klare svar om kva som faktisk skjedde.