Hopp til innhold

Vurderer ny asylmodell

Nordfjordrådet handsamar no eit forslag om eit felles asylmottak på tvers av kommunegrenser.

Sonja Edvardsen

Leiar i Nordfjordrådet, og ordførar i Eid, Sonja Edvardsen vurderer eit forslag om eit desentralisert asylmottak.

Foto: NRK

Det er senterpartipolitikar Paul Jacob Helgesen frå Selje tek initiativ til ein diskusjon om eit desentralisert asylmottak.

Han ønskjer eit samarbeid på tvers av kommunegrenser i asylmottakssaker.

Helgesen ser føre seg ein vertskommune som sit med hovudansvaret for mottaket, medan kommunane rundt har mindre mottak, med tett samarbeid kommunane imellom.

Lettare integrering

Helgesen meiner eit desentralisert mottak vil vere positivt for kommunane og for asylsøkjarane sjølve.

I diskusjonar omkring etablering av asylmottak er lokalsamfunna ofte uroa over store asylmottak på små plassar, og at ein ikkje har ressursar til å ta seg av så mange.

Helgesen meiner at forslaget hans gjer at kommunane på denne måten kan bidra på dei området dei har ei naturleg styrke i. Og ta imot eit tal på asylsøkjarar som er tilpassa talet på til tilgjengelege bustader.

Ein slik modell vil skape mangfald, og gjere integreringa lettare, meiner Helgesen. I tillegg poengterer han at fleire av asylsøkjarane som får opphald mest truleg vil velje å verte verande i den kommunen dei er plassert i som ein direkte konsekvens av auka satsing på integreringa.

Godt innspel

Leiaren i Nordfjordrådet, og ordførar i Eid, Sonja Edvardsen er positiv til Helgesen sitt forslag.

- Eg tykkjer det er eit godt og konstruktivt innspel. Det er ikkje tvil om at desentraliserte asylmottak vil gje betre integrering.

Edvardsen synest likevel det er for tidleg å vurdere om dette forslaget er betre enn dei planane dei har i dag. Dei må først diskutere dei nye innspela med UDI, både med tanke på anbod, organisering og økonomi.