Fjord må no ut å skaffe 600 millionar kroner for å berge selskapet, og Jarl Ulvin i Odin Fonds vil finne ut om aksjonærar og styremedlemmer har sett dei i denne situasjonen med tanke på eiga vinning.
– Det har kome oss for øyre at enkeltaksjonærar som er representerte i styret, kan ha arbeidd meir for eiga sak enn alle aksjonærane, seier Ulvin.
Odin vil bestemme seg for om dei vil krevje offentleg gransking i løpet av ei par dagar. Det vil i så fall seie at det blir sett ned eit uavhengig utval som skal granske prosessen fram mot generalforsamlinga i går. Der blei fusjonen mellom Fjord og Cermaq avlyst.
Amerikanarar i søkelyset
Sjølv om Ulvin ikkje nemner namn, er det er liten tvil om at det er dei amerikanske aksjoærane i Seaboard Corporation og Continental Express som er i Odin sitt søkelys. Dei gjekk i går imot fusjonen, og tilbaud seg i staden å bidra med 200 av dei 600 millionane Fjord treng for å leve vidare gjennom eit lån. Dei to selskapa, som til saman eig 22 prosent av aksjane i Fjord, vil med det auke kontrollen sin over Fjord Seafood.
Odin har sagt at dei vil gå til gransking, dersom Fjord ikkje finn noka finansiell løysing på den vanskelege situasjonen i selskapet. I følgje Ulvin håpar dei å unngå dette om dei får svar på spørsmåla dei no vil rette til styret.
Må hente inn minst 400 mill
Om Fjord takkar ja til tilbodet om 200 millionar kroner frå amerikanarane må dei framleis skaffe 400 millionar på eiga hand, om dei skal fullføre emisjonen. Ulvin er mildt sagt spent på korleis det vil gå.
– Vi har no vore gjennom eit mislukka fusjonsprosjekt, og korleis marknaden og investorar vil reagere på eit nytt forsøk i etterkant av dette er svært vanskeleg å spå om, seier Ulvin.
Frist ut juni
Fjord Seafood har alt byrja martonløpet for å skaffe dei 600 millionane selskapet må ha for å overleve. Om dei ikkje klarar å skaffe 600 pengane til 31. juni vil selskapet få problem med dei løpande utgiftene.
---------------------