Hopp til innhold

Vurderer å leggje ned arresten i Odda

Kvart år blir rundt hundre personar sett i arresten i Odda. Lensmannen reagerer på at han neste år kanskje må køyre alle saman tre timar kvar veg til Bergen.

Terje Kvalvik

– VIL GÅ UT OVER BEREDSKAPEN: Lensmann Terje Kvalvik i Hardanger meiner det vil gå for mykje tid vekk i transport, dersom arresten i Odda blir lagt ned. – Her må ein vege kostnad opp mot effektiv polititeneste, meiner han.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Eg er einig med politimeisteren i at det er ein dyr teneste, men her må ein vege kostnad opp mot effektiv polititeneste, seier lensmann i Hardanger, Terje Kvalvik.

Politimeisteren i Hordaland har i høve arbeidet med budsjettet for neste år bedt lensmannen i Hardanger om å vurdere arresten i Odda. Arresten kostar kring ein million kroner å drifte i året, og politimeisteren ønskjer at Hardanger-politiet heller nyttar sentralarresten i Bergen.

Det reagerer lensmannen i Hardanger kraftig på.

– Det blir tyngre å driva polititenestene i indre Hordaland. Det er ikkje slik at folk står klare til å hive seg på eit transportoppdrag til Bergen midt på natta i helgene. Så eg ser det som uheldig for beredskapen også, seier Kvalvik.

Meiner arresten er for dyr

– Det er uheldig for polititenestene om vi skulle misse arresten. Då vil mykje tid gå vekk i køyring til og frå Bergen. Mange som blir arresterte skal avhøyrast dagen etter, og då må vi sende politifolk etter dei. Dette blir meir ressurskrevjande for lokalt politi i Hardanger og Kvinnherad, meiner Kvalvik, som håpar han kan få sjå på drifta av arresten, om den kan driftast for ein rimelegare penge.

visepolitimester

VURDERER INNSPARING: Fungerande politimeister i Hordaland politidistrikt ser for tida på kva område polititenestene i distriktet han kan spare.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Det er akkurat det politimeister John Reidar Nilsen ønskjer. Han meiner heilt klart at det kostar for mykje pengar å drifte nummer 2-arresten i politidistriktet.

– Slik drifta er i dag, er den for dyr. Det som kjem til å skje no er at ein lokalt skal sjå på ulike tiltak, om ein kan drive den delen av verksemda på ein anna måte, seier Nilsen til NRK.

– Eit av mange ting vi ser på

Politimeisteren seier han er midt inne i arbeidet med budsjettet for neste år, der han ser på ulike tiltak for å stramma inn utgiftene etter rammene han ventar å få.

– I den forbindelse har vi ei rekkje forslag til tiltak, mellom dei arresten i Hardanger, seier Nilsen, som poengterer at det ikkje er unikt at politiet må frakte arresterte personar langt.

– Frå dei fleste delane av Hordaland politidistrikt må ein reise til arrest i Bergen. Dersom det er det som blir løysinga for Hardanger må vi sjå på løysingar for transporten, slik at det ikkje rokkar ved prinsippa for beredskap, seier den fungerande politimeisteren.

LES OGSÅ: Sjekk kven som vil bli politimeister