Hopp til innhold

Vegvesenet innser at nok er nok - vil vurdere tiltak på Lavik - Oppedal

Seksjonssjef i Statens vegvesen, Øyvind Haaland, er klar på at noko må gjerast med kapasitetsproblema på ferjesambandet Lavik–Oppedal.

Lang kø ved Lavik

VANLEGARE: Lange køar på ferjesambandet Lavik - Oppedal har vore eit vanleg syn i sommar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Fjord1 har opplevd ein auke på over 40 prosent i bilistar som har måtte stå att på kaien i år.

Fram til juli i år har over 13.000 personbileiningar måtte stå att då ferja har vore full. I fjor var det same talet litt over 9.000 einingar.

– Her ser vi jo det at denne situasjonen ikkje berre er knytt til nokre få timar i løpet av nokre få helgar i året, men no ser ut til å strekkje seg over mykje lengre periode enn tidlegare, seier seksjonssjef, Øyvind Haaland, i Statens vegvesen.

Vurderer auke

Verken bilistar, transportnæringa eller for så vidt seksjonssjefen er særleg nøgd med situasjonen på ferjesambandet.

Det er Statens vegvesen som har ansvar for ferjesambandet, men Fjord1 som driftar ferjene fram til Norled tek over frå 2015. Då kjem det tre ferjer på sambandet. Haaland vedgår at noko må gjerast.

– Slik utviklinga er no, så ser vi nok at vi må vurdere å auke kapasiteten på dette sambandet før 1. januar 2015, vedgår Haaland.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

SJÅ TV-SAK: Ferjekø på Lavik-Oppedal.

Trafikkauke i juli

Det er ikkje lenger berre ved festivalar eller store arrangement at ferjekøane strekkjer seg fleire kilometer.

Fjord1 opplevde i juli ein samla trafikkvekst på ferjerutene på 2,7 prosent samanlikna med same periode i fjor. Størst vekst var det på E39-sambanda Anda–Lote og Lavik–Oppedal med høvesvis 8,3 og 6,1 prosent.

Dette er truleg noko av årsaka til at stadig fleire må stå over ferjeavgangar.

– Det er særleg på fredagar og søndagar at bilar må stå att på kaia, seier Tor Vidar Kittinga i Fjord1.

– Uakseptabelt

Situasjonen har også fått stortingspolitikar Arne Sortevik (Frp) til å reagere. Han er klar på at ventetida må ned med ein gong.

Stortingsrepresentant Arne Sortevik fra Fremskrittspartiet.

KRITISK: Arne Sortevik (Frp)

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

– Ein auke i ventetid, og det å ikkje komme med ferja på 40 prosent, er ein heilt uakseptabel situasjon, seier han.

Det er Vegdirektoratet og Samferdsledepartementet, ved samferdsleminister Marit Arnstad (Sp), som løyver pengane. NRK har ikkje lukkast å få ein kommentar frå dei.

– Utfordringa går til den nyleg påtroppa samferdsleministeren. Her må det setjast inn tiltak på kort sikt som aukar kapasiteten og får ned ventetida for trafikantane, meiner Sortevik.