Hopp til innhold

Vogntog har havarert i Grasdaltunnelen på Strynefjellet

Eit utanlands vogntog har fått motorhavari inne i Grasdaltunnelen på Strynefjellet.

Då bilistar kom inn i tunnelen, blei det møtt av mykje røyk.

– Dette førte til at enkelte fekk panikk, fortel operasjonsleiar Wenke Hope.

Både politi, AMK og trafikkmeldingsssentralen fekk mange telefonar frå bilistar.

Det viste seg at vogntog hadde havarert om lag 200 meter inne i tunnelen frå austsida.

Må bruke vifte for å få ut røyken

– Det hadde ikkje utvikla seg til brann, men politi og brannvesen er på veg opp på fjellet. Også bilberging er snart på plass, seier Hope.

Vifte i tunnelen er sett på fullt for å få ut all røyken.