Hopp til innhold

Vogntog i trøbbel stengde Flenjatunnelen i fleire timar

Eit vogntog fekk problem i Flenjatunnelen, og vegen var stengd i fleire timar på E16.

tunnelstengt

Klokka 20: Vegen og begge tunnelane er opne for fri ferdsel

Det var i 17-tida at politiet fekk melding om at vogntoget hadde problem i Flenjatunnelen på E16.

Mista lufta i tunnelen

Politiet opplyser at vogntoget skal ha mista lufta. Det medfører fare for at bremsene kan låse seg.

– Det skal ikkje ha vore dramatikk, men vi har ikkje fått inngåande kjennskap til kva som var problemet, seier operatør ved Vegtrafikksentralen, Kristian Fauske.

Bilbergar er kontakta og på staden for å få transportert vogntoget ut av tunnelen. Ved slike hendingar blir også Gudvangatunnelen stengd.

– Der står det rundt 10 bilar, så stenginga har ikkje ført til dei støre utfordringane trafikkmessig, seier Fauske til NRK.no medan begge tunnelane er stengde.

Stengd i fleire timar

Brannvesenet vart tilkalla, og entreprenøren har vore på staden for å dirigere trafikken under kolonnekøyringa. Det er ikkje kjent kva nasjonalitet vogntoget har.

Vegen vart opna for kolonnekøyring i 1750-tida etter å ha vore stengd om lag ein time. Men vart stengd like etter klokka 18. Så lenge bilbergar jobba med å få vogntoget ut, var tunnelen stengd.

I 19-tida opna Gudvangatunnelen for manuell dirigering av trafikken. Like rundt klokka 20 vart tunnelane opna for fri ferdsel.