Hopp til innhold

Vinterferien blir våt: Regn, snø og vind i vente

Det er berre å finne fram Yatzy frå inst i skapet, for resten av vinterferien blir våt.

Regn Bergen

VÅT VINTERFERIE: Det er venta mykje nedbør og utfordrande køyreforhold dei komande dagane.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Regn, snø og vind – og mykje av det.

Eit lågtrykk frå Island dreg med seg ruskevêr til norskekysten dei komande dagane.

Enkelte stader kan det kome så mykje som 50 millimeter nedbør på eit døgn. Overvatn og utfordrande køyreforhold kan oppstå, seier statsmeteorolog Marit Berger.

– Det blir vekslande vêr, som kan by på problem, seier ho.

Fuktig start på helga

Allereie natt til torsdag blir det vått i store delar av Sør-Noreg, men det tar ikkje laust før torsdag kveld og natt til fredag.

Då er det varsla mellom 30 og 50 millimeter nedbør på 24 timar sør for Stad, og kanskje til og med enno meir i Agder og Telemark, forklarar Berger.

Vêrkartet syner at det er venta mykje nedbør i Sør-Noreg torsdag og fredag.

FLAUMFARE: Det er venta mykje nedbør i Sør-Noreg torsdag og fredag.

Foto: Meteorologisk Institutt

Om det er vått eller kvitt det som kjem, vil variere.

– I låglandet og langs kysten vil nedbøren kome som regn, men innover i landet og opp i fjella går det over til snø, seier ho.

Ventar krevjande føre

Dei store nedbørsmengdene kan føre til utfordringar. Spesielt viss det kjem mykje regn i område som har mykje snø.

– Då kan det blir problem med overvatn, særleg på vegane, seier Berger.

Marit Berger, statsmeteorolog

REKN GOD TID: Statsmeteorolog Marit Berger seier uvêret kan føre til vanskelege køyreforhold.

riksveg 7 Hardangervidda blir det vurdert kolonnekøyring på grunn av uvêr.

Fredag er det venta sterke vindkast frå søraust både på Vestlandet og i Østfold som kan føre til snøfokk i fjella.

Meteorologen seier det vekslande vêret kan by på utfordrande køyreforhold, og at køyreturen kan ta lengre tid enn venta.

– Det er stort sannsyn for kolonnekøyring på fjellovergangane, ifølge meteorologen.

Ho oppmodar reisande om å følge med på veg- og vêrvarslingar og planlegge turen godt.