Hopp til innhold

Vinteren kjem tilbake – bu deg på snø og kald vind frå Arktis

Hadde du planar om å fyre opp grillen og ligge ute på solsenga i helga? Då må du legge om planane eller kle deg i ull.

npH90PoaMYQ

SNØ: Når du opnar gardinene på sundag morgon, så kan dette vere synet som møter deg.

Foto: Svein Aage Nilsen

Bakken blir truleg meir kvit enn vårgrøn i helga. Både i nord og sør er det venta snøbyer.

For Austlandet, Telemark og Agder er det sendt ut farevarsel om snø frå natt til sundag og sundag. Lokalt kan det kome 2–6 cm med kvitt.

Det er også sendt ut farevarsel om sludd- og snøbyer for låglandet i Trøndelag og for Nordvestlandet.

Laster Twitter-innhold

– Helga blir kald over heile landet.

Det slår statsmeteorolog Charalampos Sarchosidis fast, medan han ser ut vindauget ved Meteorologisk institutt i Tromsø og konstaterer at det er nok ein dag med sludd.

Medan det minner om sommar i sør før helga, er det framleis vinterleg i nord. Kvite fjellovergangar og snø heilt ned i fjæra er kvardagskost.

– Det ligg eit høgtrykk over Island og eit lågtrykk sør for Skandinavia. Lågtrykket gir oss ein kald nordavind frå Arktis, som går sørover mot Nord-Europa, seier Sarchosidis.

Det blir lågare temperaturar over heile landet, og nokre får oppleve ein større kontrast enn andre.

– Austanfjells har det vore 18 grader enkelte stadar denne veka, men i helga kryp gradestokken ned til 8 eller 9, seier Sarchosidis.

Dårleg nytt for Vestlandet

Statsmeteorologen har også ein litt laber beskjed til vestlendingane som har pakka vekk ullkle og gått over til sommardekk på bilen.

– Vestlandet har truleg ikkje sett dei siste snøfnugga denne våren. Det kan bli snø i låglandet, seier Sarchosidis.

Kort samanfatta blir det ei kald helg som byr på nordavind frå Arktis.

– I solidaritet får alle dårleg vêr denne helga, seier Sarchosidis.

Frostskadde tulipaner

PASS PÅ BLOMANE: Mange har på pynta både krukker og bedd med nye blomar. Ei natt med frost

Foto: Alf Ove Hansen / SCANPIX

17. mai-vêret

Bør du finne fram ull eller solbriller som tilbehøyr til bunaden i år? I neste veke er temperaturvarselet langt frå sikkert.

Spørsmålet er kor lenge den kalde nordavinden kjem til å vare, noko som vil spele inn på vêret på nasjonaldagen.

Laster Twitter-innhold