Hopp til innhold

Ville kontrollere ekskjærasten

I dag startar saka mot ein sunnfjording i 20-åra i Fjordane tingrett. Sjølv om forholdet var slutt, meiner politiet at mannen heldt fram med å kontrollere ekskjærasten gjennom vald og drapstruslar mot henne.

Fjordane tingrett

VALDSSAK: Ein mann i 20-åra må møte i retten tiltalt for vald og trugsmål mot ekskjærasten.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Politiet fekk melding om ei hending, som dei rykte ut på, og på bakgrunn av det vart det starta etterforsking som har resultert i den tiltalen som no ligg føre, seier politiadvokat Erling Melvær.

Drapstrugslar

Sjølv om sambuarskapen tok slutt, meiner politiet at mannen ville kontrollere kvinna gjennom truslar og vald. Politiadvokat Erling Melvær meiner å kunne bevise at mannen retta ei rekkje drapstruslar både mot kvinna og hennar nye bekjentskap.

Sunnfjordingen skal ifølgje tiltalen ha nekta henne sosialt samvær med andre. Han skal også ha vore valdeleg.

– Det vi ser mest alvorleg på er tiltaleposten om mishandling av tidlegare sambuar. Det har med at det har gått føre seg over lengre tid, det er snakk om mange episodar. I tillegg er familievald noko samfunnet prioriterer og som det skal reagerast strengt mot.

Skal ha erkjent deler av tiltalen

Forsvarar Ivar Blikra vil ikkje kommentere saka. Etter det NRK kjenner til skal mannen ha erkjent delar av tiltalen.

Mannen har site varetektsfengsla i åtte veker og fekk også forbod mot å oppsøke kvinna. Eit forbod han skal ha brote fleire gonger.

Det er kalla inn 15 vitne i saka som har ei strafferamme på fengsel i fire år. Fjordane tingrett har sett av seks dagar til saka.

– Når vi ser på tidsperspektiv og omfanget så har vi ei alvorleg sak. Dersom tiltalte blir dømd i tråd med tiltalen så må han rekne med ei lenger straff utan vilkår.