Hopp til innhold

Ville jubelscener i Selje

...men det var gjestene frå Høyanger som jubla.

Høyang sikra seg årets første siger då dei tukta Selje 3-2 på bortebane.

LES OGSÅ: 15-årig matchvinnar

SJÅ OGSÅ: Målrik femte runde

Selje - Høyang 2-3 (1-2)

Selje idrettspark

Kampen er i gang.

1-0 17 min. Endre Kupen headar inn si femte scoring for sesongen etter innlegg frå Trond Hamre.

1-1 20 min. Robin Frichsen. Ei Høyang-avslutning går i tverrliggaren. Veslebror Frichsen headar returen i mål.

23 min. Spelet har bølga fram og attende så langt. Ingen av laga har spesielt overtak.

1-2 27 min. Robin Frichsen. Frichsen blir sist på eit innlegg når han stussar ballen i nettmaskene til sitt andre mål for dagen.

45 min. Etter Høyang si andre scoring, var dei det førande laget. Selje kom på slutten, men fekk ikkje uttelling. Dermed går gjestene til pause med 2-1-leiing og ligg dermed an til å ta sin første siger for sesongen.

2-2 46 min. Endre Kupen. Publikum har ikkje før sett seg etter kvilen før heimelaget får frispark frå kring 20 meter. Toppscoraren i 3. divisjon klinkar lærkula i vinkelen, til høgre for keeper Jaran T. Vefring.

2-3 87 min. Kristoffer Iversen. Tråklar seg gjennom forsvaret og scorar målet som kan gje laget deira første siger for sesongen. Heimelaget hadde store sjansar til å score både før og etter scoringa.

Slutt. Selje pressa på slutten og hadde store sjansar på slutten med brørne Andre og Endre Kupen. Høyang viste meir vilje og sikra seg sin første siger for sesongen.