Hopp til innhold

Utelukkar ikkje at sjukehusaksjonen kan gå til retten

Jusprofessor og ekspert i offentleg rett, Jan Fridthjof Bernt, utelukkar ikkje at sjukehusaksjonen i Nordfjord vil kunne få prøvd saka si for retten.

Jan Fridthjof Bernt

EKSPERT: Jusprofessor Jan Fridthjof Bernt meiner at sjukehusaksjonen i Nordfjord kan klare å få retten til å vurdera Helse Førde sine vedtak.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Han meiner at dei har gode sjansar for å nå fram til ei rettssak mot Helse Førde. Aksjonen varsla for få dagar sidan at dei no vurderer å gå rettens veg for å få stansa nedbyggjinga av Nordfjord sjukehus.

Utelukkar ikkje

– Eg kan ikkje seie at eg kjenner til at det tidlegare har vore noko søksmål av denne typen som det her er snakk om, når det gjeld nedlegging av sjukehus, seier Bernt til NRK.

Men i følgje professoren utelukkar ikkje det at retten kan vera viljug til å prøve spørsmålet om Helse Førde har rett til å byggja ned ortopeditilbodet på Eid.

Førebur seg på sak

– Vi har jo andre døme på søksmål frå interessegrupper når det gjeld forvaltningsavgjerder i til dømes miljøvernspørsmål, seier Bernt.

Leiar i sjukehusaksjonen og FrP-politikar, Svein Hansen, hevdar Helse Førde har manipulert fakta og seier førebuingane til eit søksmål er godt i gang.

– Vi kan ikkje godta at ortopedien vert lagt ned. Ortopedien er ein berebjelke i tilbodet og den vil vi behalde, sa Hansen til NRK nyleg.

Fekk kritikk

Sjukehusaksjonen fekk førre veke sterk kritikk frå ordførarkandidat for Ap i Vågsøy, Kristin Maurstad.

Ho tykte lite om at aksjonen no har sendt ut SMS med oppmoding om å betala hundre kroner i månaden til støtte for eit eventuelt søksmål.