Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat i Vågsøy, Kristin Maurstad, er ein av mange nordfjordingar som dei siste dagane har fått ei tekstmelding frå Sjukehusaksjonen.
Teksten har ein tittel som oppmodar folk om å bli medlem i sjukehusaksjonen. Her orienterer aksjonen om at styremedlemmer og vararepresentantar over ein treårsperiode går inn med 3600 kroner som skal gå til å betale advokatutgifter.
I teksten vert mottakaren oppmoda om å sende vidare til så mange som mogleg på SMS og e-post.
Meiner det er useriøst
Ordførarkandidat Kristin Maurstad oppfatta skrivet som ei oppmoding om å setje inn 3600 kroner.
– Det var ein tekst som fortalde om sjukehusaksjonen i Nordfjord, og som bad meg om å setje inn 1200 kroner per år i tre år, altså 3600 kroner på eit kontonummer. Det var underskrive sjukehusaksjonen i Nordfjord, men ikkje med noko personnamn, fortel Maurstad til NRK.
- LES OGSÅ:
På sin eigen Facebook-profil stemplar ho dette som useriøst og ho stiller no store spørsmål med framgangsmåten til aksjonsgruppa.
– Eg stiller spørsmål ved om folk faktisk er klar over kva pengane konkret skal gå til og eg reagerer på framgangsmåten, seier Maurstad.
(Artikkelen held fram under biletet)
KRITISK: Ordførarkandidat for Arbeidarpartiet i Vågsøy, Kristin Maurstad, meiner at SMS-aksjonen er useriøs.
Foto: Asgeir ReksnesTykkjer ho bør ha råd
Styremedlem i Sjukehusaksjonen, Jan Eide, går på si side med breisida ut og meiner at såpass bør ein ordførarkandidat ha råd til.
– 1200 kroner går til rettssak. Om ho ikkje har råd til det, så har jo ikkje råd til å vera ordførar i Vågsøy heller. Det verkar litt rart at ho er kritisk til ein slik aksjon. Eg fattar det ikkje, ho burde heller stå på barrikadane ho også, slår Eide fast.
Sjukehusaksjonen i Nordfjord varsla nyleg at dei vil gå til rettssak for å stogge det dei meiner er ei nedbygging av sjukehustilbodet på Eid.
LES OGSÅ:
Vil få vurdert framgangsmåten
Pengane dei får inn på SMS-aksjonen skal gå til å betale advokatutgifter. Med timeprisar på advokattenester på opp til 2000 kroner timen, er aksjonsgruppa heilt avhengig av den støtta dei kan få.
– Dette er slett ikkje rart, skal vi greie å redde sjukehuset så må vi stå på som berre f.. no, meiner Jan Eide.
Ap-kandidat Kristin Maurstad på si side er svært skeptisk.
– Eg undrast og vil gjerne få oppklara om dette er ein korrekt måte, konkluderer Maurstad.
Les utdrag av teksten i SMS'en her:
(NRK har rutinemessig teke bort informasjon vedrørande kontonummer)