Det er krappe svingar i begge endane av tunnelen og vegvesenet fryktar at det skal skje fleire alvorlege ulukker. I fjor omkom ein mann på motorsykkel i tunnelen.
Distriktssjef i Fjordane, Olav Terje Hove, seier Lotetunnelen er ein av dei farlegaste vegstrekningane i Sogn og Fjordane.
- Spesielt inngangen til tunnelen på Lote-sida er det mest trafikkfarlege punktet vi har i Fjordane distrikt. Den krappe svingen kjem overraskande på ukjende sjåførar, seier Hove.