Hopp til innhold

Open for skattelette for å få unge legar til distrikta

Fylkeslege Per Stensland meiner ein bør vurdere å tilby legar spesielle vilkår for å betre rekrutteringa.

Per Stensland og legar

– MÅ VURDERE FRYNSEGODE: Fylkeslege Per Stensland (innfelt) er open for å vurdere om ein bør ha blant anna skattelette for å få unge legar til distrikta.

Foto: colourbox.com / Arne Stubhaug/NRK

Forgubbing og vanskar med å fylle stillingane pregar legesituasjonen i Sogn og Fjordane.

– Det er ikkje so mykje betre i Sogn og Fjordane enn i Finnmark, seier Stensland.

Kvar fjerde lege i Sogn og Fjordane er for gammal til å gå i vakt. I Vågsøy står 1100 personar utan fastlege.

I 10 av fylket sine 26 kommunar er leiinga uroa over rekrutteringa av legar. Talet på kommunelegar over 55 år har auka frå 22 til 31 prosent sidan 2010.

Stensland er uroa over situasjonen i fylket.

– Det er vanskeleg i svært mange kommunar i Sogn og Fjordane.

Skattelette

For at fleire skal busetta seg eller driva verksemd i Nord-Troms og Finnmark, er alle kommunane i Finnmark og sju kommunar i Nord-Troms med i ei tiltakssone som gir dei som bur der fleire fordelar, som blant anna Hasvik kommune i Finnmark.

Dei kan blant anna freista med skattelette, høgare barnetrygd, høgare bustadlån og nedskriving av studiegjeld for å få folk til å busetja seg i kommunen.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

FYLKESLEGE: Per Stensland

Foto: Arne Stubhaug / NRK

På fredag tok kommunelege Trond Inselseth i Vågsøy til orde for at ein må på plass liknande tiltak for å rekruttera unge legar til distrikta. Og fylkeslegen er samd i at noko må gjerast for å skaffe legar.

– Om det er slik at desse tiltaka fungerer nordpå, so bør me diskutera med myndigheitene om det er mogleg å få til noko liknande her, seier Stensland.

Trur det har effekt

– Me trur det har ein effekt, seier leiar i yngre legers forening, Johan Georg Røstad Torgersen.

– Det er viktig å spele på mange ulike verkemiddel, då vil ein rekruttera breiare, og særleg ved bruk av gode faglege verkemiddel vil ein også rekruttera blant dei flinkaste og mest engasjerte legane.

Det er staten (ved departementet) som kan avgjere om ei slike tiltak er aktuelle.