Hopp til innhold

Vil sentralisere matlaginga

Stryn kommune vurderer å sentralisere matlaginga til gamle og sjuke. Det kan bety mat som politikarane ikkje ville ha ete sjølv, meiner kritikarane.

Kjøkkenet på Innvik omsorgssenter

MATLAGING: Det kan bli slutt på matlaging på kjøkkenet på Innvik omsorgssenter dersom kommunestyret i Stryn går inn for å sentralisere matlaginga.

Foto: Steinar Hilde

Onsdag skal kommunestyret i Stryn ta stilling til om all mat til dei sjuke og eldre skal lagast i Stryn, for så å fraktast rundt i kommunen.

Inger Hoff i Vikane kvinne- og familielag seier dette vil bety at dei eldre og sjuke får mat som politikarane sjølve aldri ville ha ete kvar einaste dag.

– Når ein skal bestemme ei så viktig sak for den eldre og sjuke delen av befolkninga som er hjelpetrengande, så må ein tenkje på kva ein sjølv ville ha ete, seier Hoff til NRK.no.

Meiner løysinga er uverdig

Dei siste åra har sentralisering av matlaginga til sjuke og gamle vore mantraet i ei rekkje kommunar. Og no er det administrasjonen i Stryn som foreslår det.

Hoff er skaka over forslaget.

– Dette er ikkje ei løysing vi synest er verdig, seier Hoff.

Usamde om løysinga

Uansett blir kommunen nøydd til å oppgradere kjøkkenet på Stryn omsorgssenter, men kva som skal skje i forhold til maten til dei eldre utover dette er administrasjonen og formannskapet usamde om.

Administrasjonen i Stryn har gått inn for at maten skal kokast nesten heilt ferdig på omsorgssenteret i kommunesenteret, for så å bli kjølt ned og seinare levert ut til dei andre omsorgsinstitusjonane. Ei slik løysing vil føre til innsparingar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kjøkkenet på Innvik omsorgssenter

SENTRALISERT: Administrasjonen vil at all maten til sjuke og eldre i Stryn skal lagast ein stad for så å køyrast ut til dei andre institusjonane. Her frå kjøkkenet på Innvik omsorgssenter.

Foto: Steinar Hilde

– Må uansett ha kjøkkenpersonale

Men ei slik løysing vil uansett bety at det må vere kjøkkenpersonale rundt om kring på institusjonane.

Det er dei som skal lage maten heilt ferdig, og det blir også dei som skal få maten til å smake og sjå bra ut i siste instans, seier Britt Sørø som er leiar i Kost- og ernæringsforbundet.

– Det er ikkje noko gale med maten og produksjonen på eit sentralt kjøkken, men det stiller krav til at mottakskjøkkenet har kvalifisert personale til å ta seg av den maten som blir levert, seier Sørø til NRK.no.

Ho trur ikkje kommunen nødvendigvis vil spare pengar på ei slik løysing.

Vil framleis lage maten lokalt

Formannskapet på si side har vedteke å investere i nytt utstyr i Stryn, men vil ikkje nytte seg av moglegheita for å koke og kjøle maten enno.

Med det nye utstyret har dei likevel moglegheita til å sentralisere kjøkkentenestene på sikt. Enn så lenge skal dei forskjellige omsorgsinsitutsjonane lage sin eigen mat.

Helse- og sosialsjef Berit Wetlesen seier at dersom det er denne løysinga kommunepolitikarane går inn for i morgon, så vil det ikkje vere pengar å spare.

– Då har ein jo eigentleg ikkje teke stilling til om ein endrar måten ein produserer maten på, men ein har berre teke stilling til produksjonsutstyret, seier Wetlesen til NRK.no.

Kjøkkenet ved Innvik omsorgssenter

MINDRE Å GJERE: Det kan bli mindre matlaging på Innvik omsorgssenter.

Foto: Steinar Hilde