Hopp til innhold

Vil selje seg ut av Fjord1

Fylkesrådmann Jan Øhlckers meiner fylkeskommunen på sikt bør vurdere å selje seg ned i Fjord1.

Oppmodinga kjem samstundes som fylkes­politikarane vurderer om dei skal nytte forkjøpsretten og sikre seg aksjane Møre og Romsdal har i selskapet.

Øhlckers meiner ein i neste fylkesting­periode bør vurdere å selje seg ned frå noverande 59 prosent til 34 prosent.

Han trur risikoen for å tape pengar har auka siste åra, og viser til at Fjord1 operer langt utanfor intensjonen til Fylkesbaatane.