Hopp til innhold

Fleire kommunar i Firda billag vil kvitta seg med aksjane sine

Fleire kommunar i Sogn og Fjordane vurderer å selja aksjeposten sin i Firda billag. Transportselskapet ar slite med lønsemda dei siste åra.

Firda Billag i Førde med ekspressbuss

VURDERER SAL: Fleire av kommunane som eig Firda billag vurderer om dei skal kvitte seg med aksjane.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Noralv Distad

KREVJANDE: Gruppeleiar Noralv Distad (H) på fylkestinget seier det er krevjande konkurranse i transportbransjen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Firda billag blir i dag eigd av 13 kommunar og fylkeskommunen. Kommersialiseringa av transportbransjen gjer det krevjande for det offentlege å vera eigar i Firda billag, seier gruppeleiar for Høgre på fylkestinget, Noralv Distad.

–Det er krevjande konkurranse og det kan vere interessekonfliktar. I enkelte tilfelle kan det vere behov for meir pengar til selskapet, så eg tykkjer det rett at fylkeskommunen vurdere eigarskapen i dette selskapet til liks med Fjord1 som også er i transportbransjen, seier Distad.

Debatten blussar opp

Ordførar Sven Flo, Stryn vidaregåande skule

VURDERE SAL: Høgreordførar Sven Flo seier Stryn skal bestemme seg for sal eller ikkje på nyåret.

Foto: Birger Meland / NRK

Debatten om eigarskapet i Firda billag har blussa opp i Sogn og Fjordane fylkeskommune og i mange av dei 13 andre eigarkommunane i selskapet. Stryn er ein av kommunane som vurderer å selja aksjeposten sin på vel 6 prosent. Kommunestyret kjem til å bestemma seg på nyåret, seier høgreordførar Sven Flo.

– Vi har ein diskusjon gåande om vi skal selje oss ut eller ikkje. For min del er eg open på at eg ikkje har harde kjensler på å selje oss ut slik situasjon er no. Men vi ønskjer å ta desse avklaringane og ha ein politisk debatt framover, seier Flo.

Flora har bestemt seg

NRK har vore i kontakt med fleire eigarkommunar som stadfestar at dei ønskjer å kvitta seg med aksjane i Firda billag, men at dei ikkje vil seia noko om dette offentleg før politiske organ har handsama eit eventuelt sal.

Ein kommune som allereie har bestemt seg, er den største eigaren i Firda billag, Flora. Dei har vedteke å snakka med dei andre eigarkommunane for å få vurdert eit samordna sal.

Styreleiar i Firda billag, Agnar Strømsnes, seier dette er ein naturleg diskusjon,

– Heile denne bransjen er totalt forandra frå det den har vore. Då er det naturleg at eigarskapen blir vurdert.

– Ikkje slik det var før

Fylkestinget skal drøfta eigarskapen i Firda billag i april neste år. NRK veit at Ap og Senterpartiet er opne for å vurdera eit sal, slik dei borgarlege partia har ivra for. Per Kjøllesdal i Senterpartiet hallar mot å selja.

– Samferdsel er ikkje organisert slik den var før. Tidlegare hadde vi Firda billag som ei forvaltningsbedrift til å løyse fylkeskommunale oppgåver. Slik er det ikkje lenger. No skal alt ut på anbod og føresetnaden er dermed sterkt forandra, seier han.

Skulle fylkes- og kommunepolitikarane bestemma seg for å selja, blir spørsmålet: Kor tid? Firda billag hadde eit lite overskot i fjor på to millionar kroner av ein omsetnad på 600 millionar. Men dei siste åra har selskapet slite med lønsemda.

Må investere for millionar

Selskapet vann dessutan konkurransen om å køyra buss i Nordfjord og må investera fleire titals millionar kroner i nytt utstyr der.

Fleire kommunar NRK har snakka med meiner difor at det blir feil og selja no og at det vil vera fornuftig å venta til anbodskonkurransane for buss i Sunnfjord og Sogn er unnagjort om høvesvis to og fire år. Tidspunkt for eit eventuelt sal, vil styreleiar Agnar Stømsnes ikkje meina noko om.

– Det er viktig at Firda billag har eigarar som har kompetanse og evne til å vere med framover. Det er krevjande både kompetanse- og ressursmessig når du skal investere for framtida.

– Betyr det at de er på jakt etter andre eigarar enn desse 13 kommunane?

– Dei som er eigarar i dag har ikkje så mykje å bidra med når det kjem til det å investere.

– Kva ville vore til det beste for selskapet?

– Det ville vere å få inn eigarar som driv med bransjen og har kompetanse på det. Og som kan vere med på å gjere Firda billag til eit konkurransedyktig selskap slik ein er nøydd å vere i dag, seier Strømsnes.