Hopp til innhold

Vil selja kortreist brennevin

...men får ikkje lov. Styresmaktene vil ikkje undergrave polet.

Sider frå Hardanger

Eplebrennevin frå Hardanger ein kun på Vinmonopolet.

Foto: Ingrid Losnegaard / NRK

Nils J. Lekve på Lekve i Ulvik satsar friskt på å foredla epla på garden til edlare dropar.

Han har eit ynskje om å skapa noko i fråflyttingskommunen innerst i Hardanger, men norsk alkoholpolitikk gjer at det er lettare å få tak i fransk brennevin.

Han er spent på på sitt aller nyaste produkt, eplebrennevin.

Får ikkje selja frå garden

Nils J. Lekve

Nils J. Lekve meiner norsk alkoholpolitikk vaskeleggjer norsk produksjon.

Foto: Ingrid Losnegaard / NRK

Hit til naturperla Ulvik kjem tusenvis av turistar kvar sommar.
Mange tek turen innom fruktbonden på Lekve.

Her blir det satsa stort på at ein skal få oppleva og smaka korleis epla kan foredlast.
Men eplebrennevinet må drikkast her - ei flaske som souvenir får du ikkje med deg.

– Nei, det kan du diverre ikkje. Frå fyrste juli 2009 kan privatpersonar importera alkohol frå utlandet. Men du får ikkje kjøpa frå ein norsk produsent, seier Lekve.

Vil ikkje undergrava polet

Roger Ingebrigtsen

Roger Ingebrigtsen meiner helse må komme fyrst.

Foto: Ingrid Losnegaard / NRK

I regjeringskvartalet er ein meir opptatt av å hindra flatfyll og helseskadar, enn å satsa på kortreist mat og drikke.

– Ingenting er vel hyggjelegare enn å komme til gards og få smake på dei lokale produkta og sjå at det skjer mykje spennande langs Vestlandskysten, seier Roger Ingebrigtsen, statsekretær ved Helse- og omsorgsdepartementet.

– Men å leggje til rette for å øydeleggje det norske polet, det kan me ikkje gjere.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.