Hopp til innhold

Vil satse på tunnelutviding

Samferdsledepartementet varslar satsing på eksisterande tunnelar i den komande nasjonale transportplanen.

Magnhildskartunnelen

Magnhildskartunnelen mellom Grov og Svelgen er mellom dei 68 tunnelane i Sogn og Fjordane som er for låge.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Halvparten av tunnelane i Sogn og Fjordane er lågare enn Statens Vegvesen sitt noverande krav på fire og ein halv meter.

- Stor snuoperasjon

Statssekretær Geir Pollestad i Samferdsledepartementet, seier dei vil legge vekt på opprusting av det eksisterande vegnettet.

- Vi er i gang med ein stor snuoperasjon nettopp fordi vi har forståing for det behovet som næringslivet har. Eit element i denne snuoperasjonen er at vi i større grad skal legge vekt på opprusting og vedlikehald av eksisterande vegar og ikkje berre ha folkus på nyinvesteringar.

- Men det er dyrt å gjere desse tunnelane høgare og breiare?

- Viktig for næringslivet

- Alle investeringar på samferdslesektoren er dyre, utviding av tunnelar er noko av det dyraste vi kan gjere, men det er så viktig for næringslivet i distrikta å ha eit vegnett som er funksjonelt for dei at vi er viljuge til å bruke mykje pengar på det skssiterande vegnettet.