Hopp til innhold

Vil lokke fleire fedrar i pappaperm

Rett tilbake i same stilling og same lønnsauke som kollegaene – slik håpar Barne- og likestillingsministeren å lokke fleire fedrar ut i pappaperm.

Audun Lysbakken

LOVENDRING: Audun Lysbakken vil endre lova for å få fleire fedre til å vere heime med borna sine.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

Vere heime med det vesle barnet eller vere i jobb for å sikre karrieren? Det er eit spørsmål mange foreldre stiller seg. Men for å få fleire fedrar til å velje borna framfor jobben kjem Barne- og likestillingsdepartementet no med eit nytt lovforslag.

Dei vil gje fedrane rett til den same stillinga dei hadde då dei gjekk ut i permisjon. I tillegg skal dei kunne stille lønnskrav på like linje som kollegaene som har vore i jobb heile tida.

– Vi skal ha eit arbeidsliv som tek vare på familiane og som gir folk sjanse til å kombinere jobb og barn, seier Barne-og likestillingsminister Audun Lysbakken til NRK.no.

– Ingen vil gå glipp av høgare løn

Sjølv om det stadig er fleire menn som vel å ta ut pappapermisjon, er det også mange som let vere fordi dei fryktar dei skal svekke sin posisjon på jobb. Mange er også redd dei skal dette bakpå i forhold til lønsutviklinga i forhold til sine kollegaer som vel å vere i jobb heile tida.

Vegard Norevik frå Førde har nettopp begynt i pappapermisjon. Han forstår godt at mange er skeptiske til å gå ut i permisjon.

– Ein kan gå glipp av høgare løn, og det er det jo ingen som vil, seier Norevik til NRK.

Skal gå rett tilbake i same stilling

Barne- og likestillingsministeren har tatt dette inn over seg og ønskjer no ei lovendring som kan få folk til å velje annleis. Han vil at mødrer og fedrar som kjem tilbake frå permisjon skal få gå rett tilbake i den stillinga dei hadde då dei tok permisjonen.

Dei skal og ha lovfesta rett til å kome med lønnskrav på same måte som kollegaene som ikkje har hatt permisjon.

– Vi ser at det er fleire menn som kjem tilbake etter foreldrepermisjon og opplever at dei har rykka ned, eller ikkje henger med i lønsutviklinga på arbeidsplassen, seier Lysbakken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Far med baby

HEIME: Sjølv om stadig fleire fedre vel å ta ut pappapermisjon, vil Barne- og likestillingsministeren at enno fleire skal velje tid med borna.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

– No går han for langt

Men forslaget fell slett ikkje i god jord hos alle. Familiepolitisk talskvinne i Framstegspartiet, Solveig Horne, meiner Lysbakken med lovendringa vil tvinge fedrar ut i pappapermisjon.

– Dette meiner vi er å gå for langt, seier Horne og legg til:

– Vi har tru på at mannen vel å vere heime med sine barn dersom det er mogleg, på same måte som kvinner kanskje vel å ha færre eller fleire veker. Men dette er det familiane som sjølv må få bestemme.

Vegard Norevik kjenner seg sikker på at han kjem til å halde fram i jobben som kabelmontør også etter permisjonen. Han trur likevel at lovendringa vil få fleire til å velje som han.

– Eg trur fleire vil nytte moglegheita. Og uansett er det veldig greitt å få ting svart på kvitt.