Hopp til innhold

Fylkesdirektør vil kutte klassar ved skulane allereie til hausten

Fylkesdirektøren for opplæring vil kutte sju av dei utlyste klassane ved dei vidaregåande skulane frå hausten av.

Bekka Skaasheim

FØRESLÅR KUTT: Låge søkjartal gjer at fylkesdirektør Bekka Skaasheim ber politikarane vurdere å kutte til saman sju klassar ved dei vidaregåande skulane i fylket til hausten.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Kutta vil råke vidaregåande skular i både Luster, Sogndal, Høyanger, Dale, Mo og Jølster og Stryn.

Bekka Skaasheim seier forslaget om kutt eine og åleine baserer seg på låge søkjartal.

– Dette er ei justering som no blir gjort med bakgrunn i dei søkjartala vi hadde per 1. mars. Vi hadde då tilbod som var utlyst som hadde låge søkjartal og låg grad av oppfylling, seier fylkesdirektøren til NRK.no.

Desse klassane kan bli kutta

I Sogn og Fjordane rasar no debatten om kva vidaregåande skular ein skal ha i framtida. Lågare elevtal og mindre pengar gjer at politikarane må gjere grep.

Men allereie til neste år kan ein del klassar ved fleire vidaregåande skular forsvinne. Forslaget frå fylkesdirektøren er lagt fram for hovudutval for opplæring som skal ta stilling til dette etter påske.

Desse klassane er føreslegne kutta:

  • Vidaregåande trinn 2 kokk og servitør ved Luster VGS
  • Vidaregåande trinn 2 interiør og utstillingsdesign ved Luster VGS
  • Vidaregåande trinn 3 påbygging til generell studiekompetanse med reiseliv ved Sogndal VGS
  • Vidaregåande trinn 2 helsearbeidarfag ved Høyanger VGS
  • Vidaregåande trinn 3 landbruk ved Mo og Jølster VGS
  • Vidaregåande trinn 1 restaurant- og matfag ved Stryn VGS

Med bakgrunn i søkjartala meiner fylkesdirektøren at ein også bør auke opp med ein klasse i maritime fag ved Måløy vidaregåande. Søkjartala gjer også at ein vil starte opp vidaregåande trinn 2 helseservicefag og vidaregåande trinn 2 helsearbeidarfag ved Øyrane vidaregåande, linjer i utgangspunktet var avhengige av at det var nok søkjarar.

Vil sjå an det endelege opptaket

Skaasheim er klar på at den pågåande skulestrukturdebatten ikkje har påverka forslaget om kutt frå hausten.

– Nei, vi har ikkje sett dette i forhold til denne prosessen. Det einaste vi held oss til er at vi allereie no ser at elevtalsnedgangen er byrja slå ut og at vi har fleire tilbod som er sårbare i så måte, seier Skaasheim til NRK.no.

Det endelege opptaket til neste år skjer i juli, og sidan ein no kuttar fleire klassar enn ein opprettar nye, vil det vere mogleg å plusse på dersom siste opptaket viser behov for det.

– Det er slik at fylkeskommunen skal sikre at alle med ungdomsrett har eit tilbod, og då må vi ha ein fleksibilitet til å fylle det lovkravet, seier Skaasheim.