Dyrlegen har adresse i Vik, men dekker også store delar av Balestrand. Difor er det rett og rimeleg at også dei er med å betalar delar av denne ordninga, seier Helleland.
Nyt godt av stillinga
Det er andre gong at Eivind Helleland gjer Balestrand kommune merksam på at også dei nyt godt av kommuneveterinærstillinga i Vik. Helleland brukar kvart år 300.000 kroner på denne ordninga, og no synst han det er på tide at naboen Balestrand iallefall dekkar 10-15 prosent av dette.
Seier truleg nei
Plan- og utviklingssjef i Balestrand, Arne Abrahamsen, skjønar frustrasjonen til kollegaen i Vik, men seier dei mest truleg må seie nei til spleiselaget.
- Vi har fleire oppgåver enn vi har inntekter til, og vi har vore gjennom ein tøff nedskjeringsprosess. Så det er ikkje noko enkel oppgåve for oss å få til nye tiltak, seier Abrahamsen.