Statsbudsjettet 2006 - Tall for Hordaland
Ho meiner regjeringsskiftet fører til stor usikkerheit rundt tala.
- Eg har ikkje satt meg inn i budsjettet for no får me jo ei ny regjering. Deira budsjett blir jo lagt fram 20. november, presiserer Kverneland Bogsnes.
Anne Kverneland Bogsnes
Gler seg over ny regjering
Ho er direktør for Haukeland Sjukehus og dei andre store institusjonane i Bergen, det som tilsaman utgjer Helse Bergen.
No gler ho seg over Soria Moria-erklæringa.
- Ja, lever dei opp til den så har me mykje å gle oss over, seier ho.
Meir til Helse Vest
Heime på Askøy finn me Høgre sin avtroppande parlamentariske leiar, Oddvar Nilsen. Han er styreformann i Helse Vest, regionen som strekkjer seg frå Rogaland til Sogn og Fjordane.
Oddvar Nilsen
Han er mest oppteken av at vestlandet no skal få like mykje helsekroner som resten av landet. Helse Vest har 9000 kroner per innbyggjar, medan Helse Nord til dømes har over 12000 kroner.
Stortinget har vedteke å jamna dette ut over 5 år, men med dagens budsjettforslag, ser det ut til å ta fire år.
- Det er me svært glade for, seier han.