Hopp til innhold

Vil ikkje leggje ny valeining til Leikanger

Eit konsulentfirma betalt av Kommunal- og regionaldepartementet vrakar Leikanger som mottakar av 25 nye statlege arbeidsplassar.

Difi på Leikanger

VRAKAR LEIKANGER: I den nye rapporten vrakar konsulentane Leikanger til fordel for Groruddalen i Oslo.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Arbeidsplassane er knytt til ei ny statleg valeining som skal ha ansvaret for å gjennomføre vala i Norge, og Leikanger har vore ein av fleire aktuelle plassar.

Men i tilrådinga frå konsulentfirmaet blir Leikanger vraka. I staden tilrår dei at arbeidsplassane i den såkalla valeininga blir lagt til Groruddalen i Oslo i staden.

Navarsete som har støtta Leikanger sitt kandidatur er usamd. Men på grunn av regjeringsskiftet vart saka lagt på vent til neste periode, og Sp-politikaren er spent på avgjerda.

– Eg kan ikkje leggje skjul på at eg støttar Leikanger, men fordi regjeringa er i den situasjonen vi er i, har vi valt å ikkje handsame saka.

– No håpar eg berre at dei som kjem etter oss vil sjå at det er eit godt gjennomarbeid grunnlag som ligg der og at dei vil ta tak i saka når dei kjem seg på plass, seier Navarsete til NRK.no.

Vrakar distriktsplassering til fordel for Oslo

Konsulentane i verksemda Oslo Economics la nyleg fram si tilråding til kvar dei 25 nye arbeidsplassane bør plasserast. Dei tre plassane som vart greidde ut var Brønnøysyndregistra i Brønnøysund, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap i Tønsberg og Direktoratet for forvaltning og IKT – DIFI – på Leikanger.

Men i tilrådinga er dei klare på at dei meiner alle distriktskandidatane, Tønsberg, Brønnøysund og Leikanger, bør vrakast. Og det til fordel for Groruddalen i Oslo.

Konsulentane har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar, men skriv mellom anna i rapporten

Brønnøysund og Leikanger anses som mindre egnet, da risikoen i en overgangsperiode her må betraktes som betydelig, at det er sannsynlighet for at det vil bli nødvendig med en oppsplitting med et Oslo-kontor og at kostnadene vil være betydelig høyere enn i Oslo.

Tilråding frå Oslo Economics

(Artikkelen held fram under biletet)

Navarsete

STØTTAR LEIKANGER: Liv Signe Navarsete er spent på avgjerda som den nye borgarlege regjeringa skal ta.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

– Ikkje utfyllande

Dette får kommunalminister Liv Signe Navarsete til å sjå raudt. Ho meiner at dei samfunnsøkonomiske vurderingane til konsulentane i seg sjølv ikkje er gode nok til å vurdere kvar ein skal leggje arbeidsplassane.

– Det Oslo Economics har lagt fram er ikkje utfyllande i forhold til ei totalvurdering av lokalisering. Dels fordi tida dei fekk til å gjere jobben ikkje gjorde det mogleg med ei utfyllande vurdering.

– Og delvis fordi ein nok vil seie at dei har undervurdert nokre moglegheiter som ligg i distriktslokaliseringa, og som vi ser av erfaringar med andre lokaliseringar. Ikkje minst knytt til kompetanse og moglegheita til å få tak i kompetent personell, seier ho og viser til at dette ikkje er godt nok vurdert.

Spente på avgjerd

Ap-ordførar Olav Lunden i Leikanger vil gjerne ha den nye valeininga til kommunen, ein kommune som frå før har eit stort innslag av offentlege arbeidsplassar.

– Det var nok ein viss skepsis då vi starta på Difi-utviklinga, men det gjekk greitt å skaffe fagfolk. Det var greitt å få folk til å etablere seg, og det er stabile miljø, sa Lunden til NRK.no for nokre veker sidan.

Han vil ikkje kommentere konsulentrapporten som favoriserer Oslo. No må både han og Navarsete stole på at den nye regjeringa tek ei avgjerd som går i favør av Leikanger.

– Eg har lagt fram saka no i etterkant, men på grunn av det norske systemet så er det slik at når ei regjering skal gå av, så tek ein ikkje avgjerder i saker der ein veit at den komande regjeringa har eit anna syn. Og dette er ei slik sak, seier Navarsete.