Vil ikkje forby pelsoppdrett

Venstre sitt forslag om å forby pelsdyroppdrett frå 2017 vart i går nedstemt i Stortinget. Venstre fekk ifølgje NTB støtte frå SV og Miljøpartiet, men dei andre partia var usamde. Arbeidarpartiet ville ikkje støtte eit forbod, men prøvde utan hell å skunde på pelsdyrmeldinga som kjem hausten 2016 med eit halvt år. Stortingsmeldinga skal blant anna greie ut konsekvensane av ei avvikling av pelsdyrnæringa.