Hopp til innhold

Vil ikkje betale for opprydding

Miljøverndepartementet har vedteke at Hempel AS må betale for oppryddinga av forureina avfall på deira eige fabrikklokale på Askøy utanfor Bergen.

Miljøverndepartementet har gitt Klima- og forureiningsdirektoratet, Klif, medhald i at det danske maling- og lakkselskapet Hempel AS må betale kostnadene ved å rydde opp forureininga på deira tidlegare fabrikklokale på Askøy utanfor Bergen.

I juni 2012 vedtok Klif eit refusjonskrav for oppryddinga, men Hempel AS og Næringslivets Hovedorganisasjon klaga kravet til Miljøverndepartementet. Departementet held i si klageavgjersle Klif sitt vedtak ved lags.

– Vi er veldig glad for Miljøverndepartementet sitt vedtak. Det støttar opp mot dei vurderingane vi har gjort, seier Marit Ruge Bjærke, seksjonssjef ved Klif.

Farleg å vere på eigedomen

Hempel Askøy

FORUREINA OMRÅDE: Før oppryddinga.

Foto: Klima- og forureiningsdirektoratet
Hempel Askøy etter opprydding

FORUREINA OMRÅDE: Etter oppryddinga.

Foto: Klima- og forureiningsdirektoratet

I 2009 rydda Klif området, som då var eitt av dei mest forureina områda i Noreg. Bjærke fortel at avfallet var så forureina at det var farleg å opphalde seg på eigedomen.

– Det er viktig at Hempel er med å betalar kostnadene, fordi vi antar at selskapet er ansvarleg for den forureininga som har skjedd i området, seier Bjærke.

Bjærke fortel at eigedomen på Askøy framleis er svært forureina, og at det framleis er behov for opprydding på området.

– Men ikkje på den måten at det er fare for liv og helse ved å vere der, seier ho.

Fleire rettsrundar

Det har vore produksjon av maling og lakk på Askøy sidan 1918, i regi av Monopol Maling- og lakkindustri. Hempel-konsernet kjøpte bedrifta i 1983, og endra namnet til Monopol Hempel. Denne fabrikken vart lagt ned i 1991.

Klif skriv på sine nettsider at miljøvernmyndigheitene og Hempel tidlegare har gått fleire rundar i rettssystemet i forbindelse med pålegg om å undersøke forureiningstilstanden på områda.

Høgsterett slo i mars 2010 fast at eit morselskap kan vere ansvarleg etter forureiningslova. Saka om refusjon av oppryddingskostnader kjem opp i Nordhordland tingrett i september i år.

Bjærke seier at saka går mot ny rettssak, dersom Hempel AS ikkje betalar det pålegget som er blitt gitt.

Kostnadene for oppryddinga er på 2,4 millionar kroner.