Det kypriotiskeigde skipet som i snart sju månader har lege i arrest i Vågsøy, har skapt skikkeleg hovudbry både for kommunen og departementa. Tidlegare sosialminister Guri Ingebrigtsen ville avklare ansvarsforholdet til skip i arrest, og har no bede både utanriksdepartementet, handelsdepartementet og Utlendingsdirektoratet om hjelp.
Enn så lenge er det kommunen som må syte for at dei ni russarane ombord, har det leveleg. Fylkesmannen har sørga for at kommunen får skjønsmidlar på 300.000 kroner for å dekke utgiftene dei har hatt med båten.
arkiv © NRK
Men hovudmålet er å få fjerna båten, som enkelte har karakterisert som ei tikkande miljøbombe. Og no har eigarane tilbydd 130.000 dollar, eller vel 1,1 millionar norske kroner. Dei vil ha båten til Riga for reparasjon, men hamnevesenet meiner dei må ha det doble før det kan bli aktuelt å gje frå seg båten som dei ikkje vil ha, seier kommunaldirektør Edmund Kvåle.