Hopp til innhold

Vil ha vesentleg auke i produksjonen av vasskraft

Senterpartiet ønskjer ein kraftig auke i produksjonen av vasskraft i Vestland. Får partiet det som dei ønskjer, blir produksjonen auka med 7 TWh, noko som svarar til straumforbruket til om lag 500.000 husstandar.

I dag er den årlege vasskraftproduksjonen 35 TWh i Vestland. – Vasskraft blir samla opp i magasin som vil sikre både forbrukarar og næringsliv stabil kraft i langt større grad enn til dømes vindkraft. Det er viktig at Noreg har si eiga form kraft som sikrar oss tilgang, seier gruppeleiar for Sp i fylkestinget, Sigrid Brattabø Handegard.

Ho viser til at energibehovet er stort både i Vestland og elles av landet, og at fylket vårt må ta sin del av ansvaret.

Sp-politikaren peikar på at det allereie er gitt konsesjon til utbygging av 4 TWh i Vestland, prosjekt som framleis ikkje er utbygd.

– Dersom ein skal auke produksjonen med 7 kWh vil det vel føre til at urørt natur vil bli bygd ut?

– Det må byggast ut nye kraftverk. Dette er ein målkonflikt vi står i når vi skal sikre innbyggarar rein og fornybar energi samtidig som det ikkje skal gå ut over urørt natur, seier ho.

Sp vil også bygge ut verna vassdrag, men berre dersom det er naudsynt for å oppnå flaumsikring.

Saka kjem opp i samband med regional plan for fornybar energi for perioden 2023 til 2035, som skal opp i fylkestinget denne veka.

Det er usikkert om Sp sitt forlag blir vedteke, men får dei med seg Høgre og Frp, er fleirtalet sikra.

Vestland fylkeskommune er høyringsinstans i samband med utbygging av elektrisk kraft.

Kraftleidningar på Sunndalsøra med fjell i bakgrunnen. Ned frå fjella stuper fleire fossar, og regnskyer heng lågt over dalen.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK