Hopp til innhold

Håpar rettssak kan gje svar på kvifor «Bønna» omkom

Den 26. juni startar rettssaka etter dødsulukka i Høyangertunnelen 22. juni i fjor. Dei etterlatne etter Bjørn Robert «Bønna» Nesse håpar å få svar på kva som skjedde.

Bjørn Robert Nesse med sonen sin

Bjørn Robert Nesse saman med sonen Peter.

Foto: privat

Ingunn Eikås var sambuar med Nesse, og ho er glad for at saka no kjem for retten.

– Eg synest det er flott at dei tek opp att saka, slik at vi kan få endeleg svar på kva som skjedde.

Det var klokka 19.15 den 22. juni i fjor det fatale skjedde. Den 44 år gamle Bjørn Robert Nesse hadde teke seg ein tur på motorsykkelen. Inne i den 7,5 kilometer lange Høyangertunnelen kolliderte han med ein personbil.

Motorsykkelulukke i Høyangertunnelen

KOLLIDERTE MED PERSONBIL: Bjørn Robert Nesse omkom i ulukka.

Foto: Lars Jonas Pedersen

Personbilen på tvers

Ifølgje tiltalen var personbilen i ferd med å snu inne i tunnelen, og bilen stod på tvers av køyrefeltet til Nesse då kollisjonen skjedde.

No er bilføraren i 30-åra tiltalt etter paragraf 31 første ledd i Vegtrafikklova, der det står at alle skal ferdast omsynsfullt og vere aktsame og varsame så det ikkje kan oppstå fare eller valde skade.

Saka vart etterforska av politiet, og Statsadvokatane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane la saka først vekk.

– Viktig for oss

Men dei etterlatne etter Bjørn Robert Nesse anka til Riksadvokaten, som avgjorde at saka skal for retten. Ingunn Eikås seier det betyr mykje for dei etterlatne.

– Det er veldig viktig for oss. Vi syntest det var trist at saka vart lagt bort, for då vart det på ein måte hans skuld, og han var ikkje her for å forsvare seg og forklare kva som eigentleg skjedde.

Ingunn Eikås med borna

HÅPAR PÅ SVAR: Ingunn Eikås med tvillingane David (t.v.) og Peter.

Foto: privat

– Ikkje hans feil

– No håpar vi at vi får dei svara vi trur på, at det ikkje var hans feil, for han var i rett køyrefelt og bilen i feil køyrefelt.

Eitt av spørsmåla dei ynskjer svar på er om det var lys på personbilen eller om han var mørklagd.

– Trur du rettssaka vil gje dei svara de er ute etter?

– Vi håpar det, og at vi kan få ein verdig avslutning på dette, slik at vi kan kome oss vidare.

– Eit vanskeleg år

Når rettssaka i Fjordane tingrett startar har det gått eitt år og fire dagar sidan Bjørn Robert Nesse omkom – eit tøft år, fortel sambuaren.

– Det har vore eit vanskeleg år for oss. Ting tek tid, det er ungar inne i biletet, og det tek tid å forsone seg med slikt.

Nektar straffskuld

Svein Tømmerdal er forsvarar for føraren av personbilen. Han seier bilføraren har erkjent å vere i ferd med å snu bilen då ulukka skjedde.

– Det er ingen problem å snu i tunnelen, noko også sakkunnige skal sjå på, seier Tømmerdal og fortel mannen vil nekte straffskuld når saka kjem opp for retten i slutten av juni.

– Han såg seg både framover og bakover før han byrja. Då såg han ingenting. Det var heilt uventa at det skulle komme eit køyrety. Min klient meiner motorsykkelen må ha hatt utruleg stor fart, og ikkje hatt lys på, seier Tømmerdal og fortel at dette blir deira haldepunkt når rettssaka byrjar.