Han seier ein slik pott vil gjere det meir attraktivt for ungdom å slå seg ned i Sogn og Fjordane.
Og ved å satse på ungdommen, trur han Sogn og Fjordane kan bli best på næringsutvikling.
-Sogn og Fjordane er eit lite fylke, men eg trur vi kan bli best på gründerverksemd. Og det skal vi prøve å bli. Ved å vere eit veksthus på Vestlandet og å legge til rette for gründer- og entreprenørverksemd, kan vi her i fylket klare dette, seier Sande.
Må satse på ungdom
Men då må det verkeleg brukast meir tid og ressursar på ungdom. Ved å øyremerke SND-midlar til ungdom, trur Sande at spennande prosjekt, som elles ikkje ville blitt satsa på, vil styrke næringslivet i fylket. Han er ikkje redd at det vil gå ut over lønsemda til SND.
-Det er viktig for eit fylke som vårt at SND er oppe og fungerer. Og vi må klare å ha to tankar i hovudet samstundes, nemleg å hjelpe både eldre og yngre som har gode idear. Sp i Sogn og Fjordane har også sagt at vi vil gje 20 millionar kroner til investeringsselskapet Fjord Invest, og dette vil også gje tilgjengeleg kapital for dei som har ein god idé, enten dei er gamle eller unge, fortel han.
Han meiner også at det er avgjerande at folk endrar haldningane til ungdom som vil opp og fram.
-Dette betyr at vi ikkje må la jantelova gjelde overfor dei som prøver å skape, men mislukkast. Då øydelegg vi for oss sjølve. Dersom vi løner dei som prøver å etablere ny verksemd med positive haldningar, så kan vi klare å dyrke fram ein kultur der det er tøft å skape sin eigen arbeidsplass, seier Sande.
Og direktør i SND i Sogn og Fjordane, Halvor Flatland, helsar ideen velkomen.
-Eg tykkjer det er ein god idé å setje av midlar til satsing på ungdom som vil etablere eiga verksemd. Ungdommar har gjerne andre krav og andre behov enn det som er tradisjonelt når det gjeld etablering. Å ha midlar som vert nytta utradisjonelt og er øyremerka ungdom kan vere ei utmerka ordning å kunne prøve ut, seier han.