Hopp til innhold

Vil ha ny vurdering av russiske fiskefartøy

Ine Eriksen Søreide (H) ber regjeringa om på ny å vurdere om det er «klokt» at russiske fiskefartøy har tilgang til norske hamner.

– Det er ei stor utfordring at sivile russiske fartøy kan vere utstyrt med militære kapasitetar. Den problemstillinga har vore aktuell lenge, og vart høgaktuell denne veka med det som har skjedd i Austersjøen, seier leiaren av Stortingets utanriks- og forsvarskomité til NRK.

Tal frå Fiskeridirektoratet viser at russiske skip har levert 96.585 tonn fisk i norske hamner så langt i år.