Hopp til innhold

Vil ha ny skuledebatt

Samanslåing av skular blir på nytt tema i Eid.

Kjølsdalen skule
Foto: Ottar Starheim / NRK

Rita Karin Nyland (Ap) meiner ein ikkje kjem unna å bryte løfte frå valkampen når kommunen må spare 20 millionar kroner. skriv avisa Ny debatt om skulestruktur laurdag.

– Kvalitet for elevar og lærarar er viktigare enn å oppretthalde alle skulane, seier ho.

Største kutt innan skule

På eit møte i oppvekst- og kulturstyret tidlegare denne veka tok fleire politikarar til orde for at skuledebatten må takast opp igjen.

Det er berre eit halvt år sidan politikarane la vekk den omstridde skulerapporten som konkluderte med at skulane i Kjølsdalen, Stårheim og Haugen burde bli samanslegne til ei avdeling på Stårheim.

– Eg er kjempebekymra for budsjettet og overbevist om at skular og barnehagar må ta dei største kutta, seier Nydal.

Bryt vallovnader

Alle parti i Eid har sagt at dei vil ha skulestrukturen slik den er no. Rita Karin Nyland har ikkje eit konkret framlegg til kva for skular som bør leggast ned eller slåast saman. Men seier til Fjordabladet at ho er klar på at diskusjonen må opp på nytt.