Hopp til innhold

Vil ha meir pengar til rassikring

Eit samrøystes samferdsleutval i fylket står fast på tidlegare prioriteringar av rassikring her i fylket.

Fylkespolitikarane ønskjer samstundes å starte rassikring av riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden alt neste år, men då må regjeringa kome med ekstraløyvingar øyremerka Kjøsnesfjorden.

Samferdsleutvalet krev ei slik øyremerking, for at andre vegprosjekt ikkje skal måtte vente.

AP og SP vil ikkje omprioritere

Arbeidarpartiet og Senterpartiet vart seint måndag kveld samde om å seie nei til å omprioritere midlane til rassikring av vegar her i fylket, slik regjeringa krev.

- Politikarane er samde i at arbeidet i Kjøsnesfjorden må starte opp neste år, men då må regjeringa auke løyvingane i 2008 og 2009, seier Åshild Kjelsnes frå Arbeidarpartiet.

- Vi seier klart ifrå at prioriteringane våre står fast, samstundes er vi samde i at det er nødvendig å starte i Kjøsnesfjorden i 2007.

Ventar å få meir pengar

Naustbukttunnelen på riksveg 53
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dermed seier fleirtalet at prioriteringa av riksveg 53 Naustbukttunnelen i Årdal, riksveg 55 Gullringen i Luster, riksveg 57 Nishammaren i Fjaler og riksveg 60 Olden-Innvik i perioden fram til 2015 står fast. På denne lista er Kjøsnesfjorden inne med 120 millionar kroner, og start i 2009.

- Vi sa også klart frå om at når planlegginga av detaljar var klar, så venta vi at det kom inn fleire midlar, for det er trass alt snakk om ein viktig stamveg, seier Kjelsnes.

Treng minst 120 millionar meir

Når regjeringa løyver 10 millionar, og vil starte i Kjøsnesfjorden alt neste år, får det støtte hos fleirtalet. Men då må fylket få meir pengar enn dei 434 millionane som i dag ligg i planane dei komande 10 åra. Fylket må ha minst 120 millionar til for å kunne rassikre heile lista.

Faren politikarane no står overfor, er at Kjøsnesfjorden startar neste år som planlagd, men at meir pengar uteblir, og prosjekt likevel må vente.

Stolar på regjeringa

Knut M Olsen i Senterpartiet trur ikkje det vil skje.

- Vi er tydelege på at vi har voner om at det kjem meir midlar framover, som gjer at fylkestinget sine prioriteringar kan stå ved lag. Vi er veldig tydelege på at  prioriteringane som fylkestinget har gjort, ikkje blir endra på.