Hopp til innhold

Vil ha meir "mjølk"

Norsk Målungdom krev at Tine går attende på avgjerda om å minske bruken av ordet ”mjølk”.

Eit samla landsmøte i Norsk Målungdom meiner det skal stå mjølk på alle mjølkekartongar, og insisterar på at Tine gjer om på vedtaket som skal vere pengesparande.


- ”Mjølk” er ei form som finst både på bokmål og nynorsk. For Tine burde valet vere enkelt; Skriv ”mjølk” på alle kartongar, seier Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom.

Målungdomen meiner Tine må ta innover seg at dette handlar om meir enn kroner og øre, dette er språkpolitikk.