Hopp til innhold

Vil ha lokale eigarar

Leiar i Svelgen næringsråd meiner fylket ikkje har råd til å gje slepp på vasskrafta i kommunen.

Svelgfossen i Bremanger
Foto: Ottar Starheim / NRK

Orkla vil selje vasskraftverka til Orkla i Bremanger på grunn av heimfallsretten som seier at rettane til vasskrafta fell tilbake til staten om ei viss tid.

Om kjøparen ikkje kjem frå fylket, fryktar leiar i Svelgen Næringsråd, Bjørgulf Myklebust, at viktig verdiskapning vil forsvinne.

Uroa over utskifting

- Stort sett er det interesser utanfor fylket som rår over dei store ressursane i dag, så vi må gjere det beste for å disponere dei sjølv og drive utvikling, seier han.

Myklebust er bekymra over den framtidige verdiskapinga i fylket, og han vil at kommunen skal kjøpe vasskraftverka.

- Det kan Bremanger kommune klare viss stat og regjering legg til rette for at dei kan få ei mogleg finansering som dei kan leve med. Det er berre kreativitet og politisk vilje som skal til, seier han.

Uaktuelt for kommunen

Ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad, håpar også på ein lokal kjøpar, men han seier det førebels er umogeleg for kommunen å kjøpe.

- Her er det snakk om milliardbeløp. Vi skal likevel ikkje kaste vekk tanken, men undersøke om det er sjansar for det, seier Svarstad.

- Kva kan kommunen gjere?

- Eg har tatt det opp med rådmannen og vi vil gå vidare med det politisk. Ein annan måte å forhandle om kraftverka kan vere gjennom eigarskapen vår i SFE, seier han.