Hopp til innhold

Helse Førde vil ha helseekspress frå Eid til Førde

Helse Førde vil starte helseekspress mellom Eid og Førde. Målet er ha ein spesialbuss, som vil ha helsepersonell og plass til bårer om bord, på plass før jul.

Knut Helge Friborg

HELSEEKSPRESS: Knut Helge Friborg presenterar planane for ein helseekspressbuss.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– Det er snakk om eit nytt tilbod for pasientar med behov for litt tilrettelegging på reisa, seier Nils Helge Friborg, som er avdelingsleiar for pasientreiser i Helse Førde.

Båreplass og helsepersonell

Det var på styremøtet torsdag kveld at forslaget vart lagt fram for styret.

I motsetning til dagens sjukehusbuss, som er eit offentleg transportmiddel, skal helseekspressen ha spesialstolar i fremste del og plass til bårer i den bakre delen. Helse Førde håpar å ha klar denne bussen i desember.

– Det er pasientar som har behov for tilrettelegging som får tilbodet, og det vil vera helsepersonell om bord i bussen, seier han til NRK.

Bussen vil gå mellom Eid og Førde.

Delte meiningar

Trude Brosvik

SKEPTISK: Styremedlem Trude Brosvik.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Styremedlem Trude Brosvik var ikkje udelt positiv til tanken og vil ha svar på ein spørsmål før ho ville gå med på det.

– I vårt fylke bur folk ikkje nødvendigvis langs med vegen heile tida. Det vil føre til omlastingar, og det er sjuke folk det er snakk om. Det er pasientane me må vera opptekne av, so eg klappar ikkje i hendene for dette forslaget, seier Brosvik.

Styremøte i Helse Førde

DELTE MEININGAR: Det var delte meiningar om forslaget på styremøtet.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Styremedlem og kommunelege i Luster, Knut Cotta Schønberg deler ikkje Brosvik sin skepsis, og meiner dette er ein svært god ide, særleg med tanke på at dette ville fristille ambulansar som i dag blei brukt til reine transportoppdrag.

– Ambulansar skal me i hovudsak ha i beredskap i kommunane, ikkje som eit vanleg transportmiddel. Om me då kan køyra pasientane til ein slik ekspressbuss med trygg omlasting, vil det bli transport på ein tryggjande måte. Det er jo ein høgst avansert helsebuss det er snakk om, seier kommunelegen.