Hopp til innhold

Gir seg etter to periodar på tinget

Sogn og Fjordane sin første Frp-politikar på Stortinget, Åge Starheim, takkar av etter to periodar.

Åge Starheim

NEI: To periodar på tinget er nok, meiner Åge Starheim.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Åge Starheim var den første Frp-politikaren på Stortinget då han vart røysta inn under stortingsvalet i 2005.

På grunn av alderen seier han no nei til å bli renominert.

– Det er viktig å innsjå at det er tider ein seier at «nok er nok» og det gjer eg no. Eg blir 67 år i 2013 og då tykkjer eg det er rett å seie ifrå at eg takkar av. Det betyr at eg ville blitt 71 år ved neste korsveg, noko eg tykkjer er litt for gamalt, seier han til NRK.no.

Slepp yngre til

– Eg har vore politisk engasjert sidan 1970 og føler at no gir eg så yngre får komme og overta, legg han til.

Starheim er fødd i 1946 og har ei fortid som lokalpolitikar i Høgre. Han var ordførar i Selje frå 1984 til 1989, og gjorde i 2003 politisk comeback i Frp.

To år seinare vart han altså historisk då Frp-veljarane røysta han inn på tinget. Han har heile tida vore medlem av kommunalkomiteen.

Starheim har markert seg som ein forkjempar for lokalsjukehusa og har engasjert seg i både Stad skipstunnel og meir midlar til vegbygging.

– Det har vore veldig lærerikt og interessant, seier han.

Uviss Djuvik

Framstegspartiet skal nominere si liste til stortingsvalet alt i juni, og skal gjennom den vanlege nominasjonsprosessen. Alt no vil mange peike på fylkesleiar Frank Willy Djuvik som ein opplagt etterfølgjar.

Men den 32 år gamle småbarnsfaren frå Florø vil ikkje svare i dag om ha vil la seg nominere på topp.

– Eg har førebels ikkje bestemt meg ut frå mange forhold, om eg ynskjer å ta opp den kampen, seier Djuvik.

Fem aktuelle

Sjølv trur ikkje Starheim at han vil kome i ein situasjon der partiet ikkje får nokon til å toppe lista – og at han får spørsmål om å ta ein periode til.

– Vi har mange unge og flinke folk, så det trur eg ikkje blir noko problem. Eg trur ein kan velje mellom tre-fire-fem personar, seier han.

Han vil ikkje blande seg borti valnemnda sitt arbeid, men har ut frå eigne erfaringar eitt råd til etterfølgjaren.

– Du må like det og tykkjer det er interessant å stelle med politikk om du skal vere på Stortinget. Det er ein så spesiell arbeidsplass at dersom du ikkje trivast med det, ja då blir det eit ork og rett og slett forferdeleg.