Hopp til innhold

Dei vil læra om ekstreme menssmerter på skulen – får støtte frå ekspertane

Landets fremste spesialistar på kvinnesjukdomar vil ha endometriose inn i skulen. – Ein god ide, seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet.

Elevar Eid vgs.

VIL HA MEIR OPENHEIT: Matilde Solheim (17) (t.v.), Sunniva Naustdal (18), Andrea Førde Totland (17) er elevar ved Eid vidaregåande skule.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Eg har høyrt at mange slit med det, og at dei får veldig sterke menstruasjonssmerter, seier Andrea Førde Totland (17).

– Eg har lese om det, seier Matilde Solheim (17).

Dei to er elevar ved Eid vidaregåande skule i Nordfjord.

I ein ny artikkel i Tidsskriftet for Den norske legeforening tar fire spesialistar i kvinnesjukdommar til orde for å få endometriose inn i undervisningsprogrammet på skulane.

«Elevar må undervisast i kva som er uakseptable menstruasjonssmerter», skriv dei.

Ei tilsvarande ordning er allereie på plass på New Zealand.

– Bør inn i helselæra

Endometriose rammer 6–10 prosent av norske kvinner, men er likevel omtalt som ein ukjent sjukdom.

Mange unge jenter går difor rundt med ekstreme menstruasjonssmerter utan å vite eller kunne sette ord på kva det er.

– To av tre får symptom allereie i skolealder. Så endometriose bør inn i helselæra på skolen, seier Mette Haase Moen.

Ho er blant artikkelforfattarane og spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar.

Guri Bårdstu Majak er seksjonsleiar for gynekologisk avdeling ved Oslo Universitetssykehus.

I Ukeslutt 24. april foreslo ho at skulane må ta meir ansvar for å informere om endometriose.

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Anne Grethe Erlandsen (H), følgde opp:

– Eg synest det var ein god ide det Majak seier om å ha undervisningsmaterial om endometriose i skolen, sa ho.

Kristiane Aateigen (29), som står bak Facebookgruppa «Slemmehelse», har tatt til orde for at endometriose må inn i undervisninga allereie på barneskolen.

– Lærarane kan undervise om endometriose, sjølv om dette ikkje er spesifikt nemnt som omgrep i kompetansemåla, seier Stine Grimsrud, kommunikasjonsrådgivar i Utdanningsdirektoratet.

Ho nemner kompetansemålet «Elevane skal kunne drøfte spørsmål knytt til seksuell og reproduktiv helse» som ei opning for samtaler om endometriose på ungdomstrinnet.

– Det kan også vere eit tema som er det er nyttig at helsesjukepleiarane tek opp med elevane, seier Grimsrud.

– Klarer ikkje anna enn å ligge heime

Dei tre jentene på Eid vidaregåande skule vil gjerne ha endometriose inn i skulen.

– Eg synest det verkar som ein god ide. Dei fleste eg veit om som har mensen-smerter går på p-piller eller p-stav. Om det er verre enn slike mensen-smerter trur eg det er lurt å få vite det, så ein ikkje gjer noko feil, seier Matilde.

Anbefalingar rundt endometriose finst i den nyleg reviderte utgåva av nasjonal rettleiar i gynekologi som er tilgjengeleg på nett.

– Det er kjipt ikkje å få vere med på skule og ting fordi du ikkje klarer anna enn å ligge heime, seier Sunniva.

– Menstruasjon er på ein måte litt tabubelagt i skulen. Kanskje det hjelper mange å vite at det ikkje er noko gale med deg, men at det er ein vanleg ting som mange kjenner på, seier Andrea.

I mars sette regjeringa ned eit nytt utval til å forske på kvinner si helse i eit kjønnsperspektiv. Førre gong dette vart gjort var i 1999. Christine B. Meyer skal leie utvalet.

LES OGSÅ: Endometriose = Mensen x 1000 + atombombe

– Eit fint forslag

Anne-Lise Karlsen er helsesjukepleiar, mellom anna for elevar på Eid vidaregåande skule.

Ho fortel at ein del jenter kjem til henne med menstruasjonsplager. Då gjer dei ei kartlegging. Ved normale plager prøver dei smertestillande.

Ved meir alvorlege tilfelle der det er mistanke om endometriose, sender dei vidare til lege.

– Enkelte tek kontakt for seint. Dei held ut og reknar med at slik skal det vere, seier Karlsen.

Ho synest det er ein god ide å få endometriose inn i undervisninga.

– Dei bør må meir informasjon om diagnosen og kva undersøkingar dei må gjennom for å kunne stille diagnosen, seier ho.

– Kva synest du forslaget om at helsesjukepleiarar skal få meir opplæring og ved mistanke om sjukdom vise vidare til fastlege?

– Det synest eg er eit fint forslag. Det er bra med meir informasjon.

LES OGSÅ: Splid om behandlingstilbod: – Det er kvinnene som taper på dette