Hopp til innhold

Vil ha bru over Esefjorden

Arnstein Menes har lenge irritert seg over stengd veg som følgje av rasfare i Esefjorden.

Esefjorden frå sjøen.
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

No hentar han fram att gamle planar om ei bru over Esefjorden, på riksveg 55 mellom Balestrand og Dragsvik.

- Tida er no inne for å setja dette på dagsorden att, og å få planane realisert, seier Arnstein Menes til Sogn Avis.

To store grunnar

Leiaren av Senterpartiet i Balestrand meiner at det er to store grunnar til at ein må få gjort noko med denne vegstrekka.

- Bakkeviki - Esebotn er så smal at det ikkje er passasje for to store bilar. Kvart år er det kollisjonar her, men heldigvis har det ikkje så langt ført til tap av menneskeliv. Den andre utfordringa er er strekninga Ese - Esebotn. Her er det rasfare fleire stadar, seier Menes til avisa.

- Rett rekkjefølgje

Bruplanane er tidlegare blitt skrinlagde fordi politikarane ikkje har klart å samle seg om eit alternativ. No krev Menes at planane på nytt verit greidd ut og at vegen skal inn i NTP. Ordførar Einar Målsnes i Balestrand vil også ha bru over Eesefjorden, men er klar på at ein må gripe tak i denne saka i rett rekkjefølgje.

- Først må reguleringsplanen for Esefjorden rullerast. Det er i kraft av den me vil avgjerda om det er fleirtal for bru eller utbetring av dagens veg med rassikring. Vedtaket vert gjort i kommunestyret. Me må difor starta med planrulleringa. Formannskapet har mål om at kommuneplanen skal vera vedteken i september 2008, seier han til Sogn Avis.