Hopp til innhold

- At skogbruket kan vere ei vekstnæring har eg absolutt trua på

Gull og grøne skogar er eit uttrykk som to unge karar har teke til seg. No satsar dei for fullt på skogsdrift, med nyinnkjøpte maskiner så blanke at sola nesten kan spegle seg i dei.

Det går mot rekordår for tømmerhogsten i Sogn og Fjordane. 
Og det e orkanen Dagmar sine herjingar som har sett fart i næringa.

SJÅ VIDEO: Dei to unge karane frå Sunnfjord satsar på å tene gode pengar på skogsdrift.

– Vi har alltid hatt interesse for dette, og så er det kjekt å drive noko for seg sjølv også.

Det fortel Tarje Kusslid og Martin Braanaas Kleppe. Dei to mennene midt i 20-åra har lagt arbeidskraft og sparepengar i eit nytt hogstselskap, Sunnfjord Skog AS. Etter ein månad i drift er dei trygge på at det finst ei framtid.

– Det er pengar i dette, så lenge ein greier å vere effektiv, seier Braanaas Kleppe.

Trygge på at dei får nok arbeid

Det går mot eit rekordår for tømmerhogst i Sogn og Fjordane. Orkanen Dagmar sine herjingar i desember 2011 sette fart på næringa, for det nystifta selskapet vart det byrjinga.

Uvêret la store skogsområde flate, men midt i all elendet vart mange merksame på verdiane som finst i skogen.

– Alle som eig skog har noko som kan takast, så enkelt er det. Men det er litt vanskeleg, for det er mange som ikkje veit kva dei eiger, og det er veldig få som har kunnskap om skog, seier Braanaas Kleppe.

Den siste tida har dei to tatt for seg skog i Angedalen i Førde. Bak spakane i den nyinnkjøpte hogstmaskina gler dei to seg over alt arbeidet dei ser framfor seg.

– Ein har ambisjonar om å hogge meir her i fylket, og då treng ein kapasitet og maskiner, seier Tarje Kusslid.

Gryande optimisme

Og at det er jobb for dei tida framover er heilt sikkert. Før orkanen Dagmar vart det teke ut om lag 50.000 kubikkmeter skog i Sogn og Fjordane kvart år. I fjor var dette talet auka til 80.000, og med aukande prisar på tømmer vil skogeigarlaget hente ut endå meir i år.

Ingunn Kjelstad som er styreleiar i Sogn og Fjordane skogeigarlag ser at det er gryande optimisme i næringa.

– Berre i løpet av dei to siste månadene har det blitt etablert eit nytt hogstmaskinfirma, og eit nytt transportfirma. Dette er konkrete eksempel på at det blir skapt arbeidsplassar i næringa, seier ho til NRK.no.

– Har absolutt trua

Braanaas Kleppe og Kusslid er begge klare på at dei trur dei har funne seg ei næring dei kan leve lenge på.

– Dette er spennande, og det er mange moglegheiter i skogen. Det er synd at det ikkje er nokon som utnyttar den, seier Braanaas Kleppe og gler seg over at saga i Bygstad no skal opp å gå igjen.

Sjølv om dei framleis har litt å gå på før dei kan tene seg rike på det nye selskapet sitt, trur dei trea kan bli det nye, grøne gullet.

– Det er ikkje berre olje, og bygg og eigedom det handlar om i Norge. Det er enorme ressursar elles også, og at skogbruket kan vere ei vekstnæring har eg absolutt trua på!