Hopp til innhold

Vil flytte brua til ytre Nordfjord

Kystkommunane vil flytte den planlagde Nordfjordbrua frå midtre del av Nordfjord til kysten.

Ei av bruløysingane over Nordfjorden

Slik kan brua mellom Anda og Lote verte sjåande ut.

Foto: Aas-Jakobsen

Sei di meining: Kvar bør brua byggjast?

Politikarane i Eid og Gloppen arbeider for å få bygt ei stor bru over Nordfjorden mellom Lote og Anda.

Kommunane har fått med seg Kjell Opseth på laget, og målet er å få ferjefri kryssing inn i Nasjonal transportplan.

- Størst problem på kysten

Ordførar i Vågsøy, Roger B. Silden lovar kamp og vil ha brua til sin kommune.

- No bør tida vere inne for å prioritere ytre deler av fylket, for det er der vi har dei største problema, seier han.

Den planlagde brua på E39 over Nordfjorden skapar no strid i regionen. Politikarar i Vågsøy og Bremanger meinar brua i staden bør leggast til kysten.

- Stortinget har valt E39

Dei vil at brua skal gå frå Vemmelsvik utanfor Måløy til Tangane i Bremanger, og at den skal verte ein del av ein ny kystveg mellom Ålesund og Bergen.

Men at brua mellom Eid og Gloppen skal flyttast ut til kysten har Gloppenordførar Anders Ryssdal lita tru på. Han meinar at dei må satse på E39 som er hovudvegen gjennom Vestlandet.

- Stortinget har bestemt at E39 skal følgje dagens trasè, og at det skal vere færrast mogeleg ferjestrekningar på vegenl, seier Ryssdal.

- Ingen vekst på kysten

Silden meiner på si side at den negative utviklinga langs kysten av Sogn og Fjordane gjer at ytre strøk no må få sin del av vegmidlane.

- Skal vi no kutte i ytre og prioritere noko anna, så vert det i alle fall ingen vekst på kysten.